torsdag 31. mai 2012

Pinsehelg

I pinsa har vi sjølvsagt kosa oss på favoritthytta.

 Eg, Leo og minsten kom utover med bil laurdag, medan gutane fekk segle med onkelen utover. Vi plukka dei opp ved ei kai i nærleiken utpå ettermiddagen samme dag.
I pinsa har vi måla hus, rydda strand  (igjen...) trekt om pinnestolane til kjøkkenet, vassa, bada (iallfall ein av oss), flytta og rydda stein, kjørt båt, rodd båt, sola oss, grilla og slappa litt av.
Hytta var eigentleg måla for 2 år sida men den hadde litt flekker her og der etter blank grunning som var grisa med, så då fekk heile hytta seg eit nytt strøk med maling. Så no er den kvit og fin igjen.

Vi hadde med oss både kano og gummibåt utover denne gongen. Kanoen fekk vi ikkje prøve men gummibåten har vore i bruk i helga. Leo og gutane hadde seg ein prøvetur på laurdag og ein fisketur på søndag kveld. Etter fisketuren kom dei skrattande inn gjennom døra,kliss våte og heilt oppglødde. Dei hadde visst vorte nokre bølger på veg tilbake som hadde gjort det til ein ekstra spanande tur. 



Gutane har leika i fjæra, bygd sandslott, vassa og bada. Veret har vore heilt strålande denne helga. Temeperaturen har vore heilt herleg, ein verkeleg forsmak på sommaren. Vi målte blant anna 17 grader i vatnet og det er jo ikkje ille for å vere i mai.



















Her er nokre bilete frå innandørs også. Det er mykje godt arbeid att inne også, både når det kjem til utforingar,lister,elektrisk dilldall osv osv, men det tek vi etterkvart.

fredag 4. mai 2012

Hyttelivet er fantastisk!

Ja, som overskrifta seier; hyttelivet er fantastisk! Det kan absolutt anbefales! Sjølv om vi jobbar med noko kvar dag på hytta, så slappar vi så godt av likevel. Ein får ein heilt annan ro over seg når ein er på hytta. Forige helg var vi heile 4 netter på denne herlege staden. Vi reiste ut fredags ettermiddag og reiste heimatt tysdag 1. mai. Måndag var det elevfri dag, så Leo hadde fri frå jobb og var saman med ungane på hytta medan ho mor pendla på jobb i Svelgen. Ellers kosa vi oss på hytta heile tida. Vi fekk lagt tak på 3 av soverommene, vi fekk malt 4 pinnestolar og alle limtredragarane, vi fekk hengt opp lystette rullegardiner og lamper i alle rom.  I tillegg har vi rydda stranda i timesvis kvar dag. Fjæra inneheldt store mengder raud takstein som nokon hadde slengt frå eg ein gong i tida. I tillegg var det myke stein og glasbrot der. Vi fann ut at rydding var på sin plass og det vart ganske bra til slutt, men vi har ein del att endå. Eg gløymte sjølvsagt å ta bilete av stranda etter at den var rydda, men eg får prøve å gjere dette neste gong vi er på hytta. Det vart iallfall stor skilnad på før og etter ryddinga. Iver har kosa seg i fjæra saman med brødrene. Han har tusla rundt, gravd litt i sanden og kasta stein i vatnet.  Gutane har fiska og Mathias fekk den første fisken som er fiska frå hyttetomta vår. Det var stor stas!