Ja, som overskrifta seier; hyttelivet er fantastisk! Det kan absolutt anbefales! Sjølv om vi jobbar med noko kvar dag på hytta, så slappar vi så godt av likevel. Ein får ein heilt annan ro over seg når ein er på hytta. Forige helg var vi heile 4 netter på denne herlege staden. Vi reiste ut fredags ettermiddag og reiste heimatt tysdag 1. mai. Måndag var det elevfri dag, så Leo hadde fri frå jobb og var saman med ungane på hytta medan ho mor pendla på jobb i Svelgen. Ellers kosa vi oss på hytta heile tida. Vi fekk lagt tak på 3 av soverommene, vi fekk malt 4 pinnestolar og alle limtredragarane, vi fekk hengt opp lystette rullegardiner og lamper i alle rom. I tillegg har vi rydda stranda i timesvis kvar dag. Fjæra inneheldt store mengder raud takstein som nokon hadde slengt frå eg ein gong i tida. I tillegg var det myke stein og glasbrot der. Vi fann ut at rydding var på sin plass og det vart ganske bra til slutt, men vi har ein del att endå. Eg gløymte sjølvsagt å ta bilete av stranda etter at den var rydda, men eg får prøve å gjere dette neste gong vi er på hytta. Det vart iallfall stor skilnad på før og etter ryddinga. Iver har kosa seg i fjæra saman med brødrene. Han har tusla rundt, gravd litt i sanden og kasta stein i vatnet. Gutane har fiska og Mathias fekk den første fisken som er fiska frå hyttetomta vår. Det var stor stas!
fredag 4. mai 2012
mandag 9. april 2012
Vi er igang!
Ja, då har vi flytta inn på hytta vår. Vi har feira vår første påske på hytta.
Vi kom Skjærtorsdag og reiste heimatt søndag. Det har vore nokre flotte dagar. På torsdag såg ikkje hytta så veldig bebuelig ut, men etter at vi hadde rydda, støvsuga, vaska og styra på heile dagen var det godt å sige ned i sofaen med tende lykter i 20-tida på kvelden. Resten av dagane var det berre kos, godt mat, litt jobbing, speling av spel og litt besøk av hyttenaboane og av slekta. Iver var sjuke heile påska og ville helst "henge på" ho mor heile dagen.
Vi kom Skjærtorsdag og reiste heimatt søndag. Det har vore nokre flotte dagar. På torsdag såg ikkje hytta så veldig bebuelig ut, men etter at vi hadde rydda, støvsuga, vaska og styra på heile dagen var det godt å sige ned i sofaen med tende lykter i 20-tida på kvelden. Resten av dagane var det berre kos, godt mat, litt jobbing, speling av spel og litt besøk av hyttenaboane og av slekta. Iver var sjuke heile påska og ville helst "henge på" ho mor heile dagen.
Vi har sjølvsagt mykje att før hytta er ferdig, men no kan vi iallfall arbeide og bu der på same tid.
No er vi endeleg igang med hyttelivet og det føles fantastisk!!
søndag 4. mars 2012
Enda ei helg er over
Ja, då er nok ei helg over. Vi har sjølvsagt vore på hytta på laurdag og søndag. På laurdag reiste vi ut heile gjengen medan søndag vart Iver att heime i Svelgen med Alice. I helga har vi fått isolert og lagt tak i yttergangen, Leo har starta flisinga på badet og eg har rydda, støvsuga, rensa og olja alle golvene i 2. etg. Det var utrulig greitt å bli ferdig med. No er iallfall ikkje golvene ubehandla lengre. Dei skal sjølvsagt ha minst eitt strøk til, men vi er iallfall nærare målet for kvar dag. Alice skrudde saman ei hylle, hjalp til med nedvasking på loftet og passa Iver.
søndag 26. februar 2012
Stadig nærmare målet
Då er vi snart ferdige med februar månad og vi held sjølvsagt på med hytta så ofte vi kan. No i vinterferien har vi vore utover heile gjengen 3 dagar på rad. Vi var spent på korleis minstemann skulle takle tilhøva (eller korleis vi ville takle å ha minstegullet vandrandre rundt og ta på alt). Det har heldigvis gått over all forvetning. Han har no tusla rundt, sove litt, ete litt og leika litt. Leo har styrt med siste fuginga på badet, avretting av golvet, plast i taket og lagt taket på badet. Eg har skrudd kjøkken og baderomsinnreiing. I tillegg har vi rydda kring hytta etter at Dagmar-stormen har kasta materialet litt rundt omkring ( i tillegg til det vi sjølve har rota til...). Så no ser det iallfall litt betre ut både inne og ute. Vi har også fått montert peisen i løpet av helga, så i dag tende vi i den for første gong.
søndag 8. januar 2012
Godt nyttår
Då er 2012 godt igang og arbeidet på hytta held fram. Sida sist har det skjedd litt av kvart.
- Veggane på badet er nesten ferdig flislagt.
- Rørleggaren har vore på besøk ein gong og skal komme ein gong til før alt er klart.
- Rørleggaren har vore på besøk ein gong og skal komme ein gong til før alt er klart.
- Septiktanken er komt i jorda
- Ovnen til hyttekosen er kjøpt inn, men ikkje montert
- Trappa er montert men ikkje behandla
- Karmen til døra til badet er på plass.
- Benkeplata har vi rensa med trerens og byrja på den laaaaange prosessen for å få den slik vi vil ha den (den skal både lutast, oljast og kanskje til og med lakkast før den skal på plass).
Utandørs har vi fått ordna siste platået framfor hytta.
Stormen Dagmar tok godt i Bremanger, men ingenting på hytta vår var øydelagd. Den besto med andre ord testen. Det var berre nokre plankar utforbi som hadde flytta litt på seg.
Downlights på plass både her og der.
Dørkarmen inn til badet på plass.
Litt flising att over døra og så er det klart til fuging.
søndag 23. oktober 2011
kjøkkenarbeid
Det går stadig framover på hyttefronten, sjølv om det ikkje ser slik ut på bloggen. Golvet er ferdig, varmen er komen i golvet og downlights'a er på plass i taket. Kjøkkenet har byrja å ta form då Leo har montert alle under- og overskap. Vi finn riktignok ikkje foringane. Vi har også kjøpt feil høgde på ei smal hylle, men ellers ser det ut til at vi har klart å få med oss det meste frå Ikea. Jammen bra at foreldra mine er i Bergen slik at dei kan reise innom Ikea på veg heim og kjøpe foringar.
fredag 19. august 2011
Isolering av golv, båtkos og Madcon
Ferien er over og arbeidslivet har starta att. Leo er i farspermisjon medan eg har starta i jobb att. Dagane fyk avgarde. Leo er sjølvsagt på hytta kvar helg og jobbar på. No er det golvet i 1 etg. som står for tur. Halvparten er no isolert, så kanskje alt golvet er ferdig isolert når helga er over????

Gutane har fått testa ut gummibåten også, noko som var stor stas. No kunne dei ligge i båten med kvar sin sjøkikkert og studere livet i vatnet. Leo tok båten ut på vatnet og fekk tatt nokre nye bilete av hytta vår også. Den ser jo ut som eit svææææra hus når ein ser det på foto, men den er ikkje så stor som den ser ut altså (men den er jo ikkje så veldig liten heller...). Akkura passe stor.

Madcon har jo vore i Bremanger-bygda og spelt inn Noregs dyraste musikkvideo denne sommaren. Dette måtte ein sjølvsagt få med seg. Alice med venninner hadde stæsja seg og deltok på videoen, medan Leo og gutane såg på. Innspelinga skulle eigentleg starte kl 19, men det heile vart veldig forsinka, så dei var ikkje heime i Svelgen før kl. 03 om natta :) Medan dei venta på at det heile skulle starte hadde Leo og gutane vore på Knutholmen ei stund. Plutseleg kom Josef ifrå Madcon gåande inn. Heldigvis fekk nokon knipsa eit bilete at gutane saman med Josef. Bilete er sjølsagt allereie printa ut og heng på veggen på rommet deira.
Abonner på:
Innlegg (Atom)




































