fredag 4. mai 2012

Hyttelivet er fantastisk!

Ja, som overskrifta seier; hyttelivet er fantastisk! Det kan absolutt anbefales! Sjølv om vi jobbar med noko kvar dag på hytta, så slappar vi så godt av likevel. Ein får ein heilt annan ro over seg når ein er på hytta. Forige helg var vi heile 4 netter på denne herlege staden. Vi reiste ut fredags ettermiddag og reiste heimatt tysdag 1. mai. Måndag var det elevfri dag, så Leo hadde fri frå jobb og var saman med ungane på hytta medan ho mor pendla på jobb i Svelgen. Ellers kosa vi oss på hytta heile tida. Vi fekk lagt tak på 3 av soverommene, vi fekk malt 4 pinnestolar og alle limtredragarane, vi fekk hengt opp lystette rullegardiner og lamper i alle rom.  I tillegg har vi rydda stranda i timesvis kvar dag. Fjæra inneheldt store mengder raud takstein som nokon hadde slengt frå eg ein gong i tida. I tillegg var det myke stein og glasbrot der. Vi fann ut at rydding var på sin plass og det vart ganske bra til slutt, men vi har ein del att endå. Eg gløymte sjølvsagt å ta bilete av stranda etter at den var rydda, men eg får prøve å gjere dette neste gong vi er på hytta. Det vart iallfall stor skilnad på før og etter ryddinga. Iver har kosa seg i fjæra saman med brødrene. Han har tusla rundt, gravd litt i sanden og kasta stein i vatnet.  Gutane har fiska og Mathias fekk den første fisken som er fiska frå hyttetomta vår. Det var stor stas!

1 kommentar:

  1. Det ser heilt fantastisk ut! Vi kjem innom en gang i sommer, for å sjå i RL! Har vore kjekt å følge bloggen i allefall :)

    SvarSlett