fredag 28. mai 2010

Snart klart for støyping

Det har ikkje vore så mykje aktivitet her siste veka, rett og slett fordi vi ikkje har gjort noko på hyttetomta. Det har vore konfirmasjon av eldstejenta som har sått i fokus den siste tida. No er den vel overstått og vi er klar for hyttetankar igjen. Til veka blir det mest truleg støyping, dersom firmaet har tid til å komme til oss vel og merke. Vi skulle ringe på måndag, så får vi sjå kva dag som blir sett opp. Så er det om å gjere å samle nokre sjeler som har tid, lyst og mulighet til å delta på slike ting på dagtid... det kan jo også vere ei utfordring, så vi får sjå kor det går :)

Publisert av Anita

mandag 17. mai 2010

søndag 16. mai 2010

Hytteblogging

Ja, då er vi igang med hyttebygging og hytteblogging. Vi vil gjerne fortelje om våre små og store opplevingar kring dette med å bygge hytte. Derfor har vi oppretta denne bloggen, slik at kjende og ukjende kan følgje med på vårt hytteprosjekt.

Hytta vår skal ligge ved Dalevatnet på øya Bremanger i Sogn og Fjordane. Ein nydeleg plass meinar no vi då. I juli 2009 kjørte vi langs Dalevatnet og konkluderte raskt med at vi ikkje kunne tenkt oss å bygge hytte på tomtane som låg ute for sal. Tomtane låg jo altfor nært vegen. Vi tok likevel og svinga nedom og besøkte dei som eig nabohytta (dei kjenner vi sjølvsagt). Vi rusla bort til nabotomta som låg der ledig og berre venta på den rette eigaren. Vi syntes plutseleg at vegen ikkje var så nær likevel. Då vi stod der i sola og såg utover det blikkstille flotte Dalevatnet, så var vi eigentleg overbevist. Her ville vi gjerne bygge hytte!

Dalevatnet er eit brakkvatn og har dermed ferskvannsfisk og saltvannsfisk. Her kan vi hoppe rett i vatnet frå tomta, fiske, padle med kanoen vår eller berre kooooose oss i hytteveggen. Vi gledar oss til vi kan nyte late dagar (eller travle dagar) på hytta vår ved Dalevatnet.

Her er bilete frå den dagen bilen frå Ranahytta kom med hytta vår. Vi skulle jo eigentleg hatt plate og alt klart, men grunna ein usedvanleg lang vinter har vi sjølvsagt ikkje fått høve til å gjere noko som helst før no.

Publisert av Anita