søndag 6. februar 2011

nytt år og meir hyttebygging

Ja, då er det nye året godt i gang. Leo har vore på hytta nokre få gonger etter jul, men det blir mest ein og annan helgedag. Vekene er rimelig fullbooka med eigentrening, fotballtrening (Vetle), skyting (Mathias), idrettsskule for begge to, møter og i det heile tatt. Det er full rulle heile tida. Det er ikkje så mykje eg får hjelpe til heller når vi har ein baby på 4 mnd som også treng litt.
Den siste tida har det vore isolering som har vore hovudfokus på hyttefronten. No har vi fått plast på det heile, så då er vi godt i gang med å lekte ut. Det går framover med andre ord. Leo har tru på at vi kan overnatte i hytta til påske, medan eg avventer litt med å få for mange forhåpningar. Ein spennande vår blir det jo uansett.