søndag 23. september 2012

Sommarminner 2012

Ja, no er det riktignok ei stund sida sommaren var her, men ting tek tid her i huset  :)   Det har jo sjølvsagt vore dårleg med oppdatering, mest fordi vi ikkje har lagt inn på bilete på pc'en, dårleg nettforbindelse på hytta og mange andre gode eller dårlege unskyldningar, men no er det gjort.

I sommar var vi 3 heile veker på hytta vår og det gjekk rasande fort. Vi hadde ikkje lyst til å vere nokon annan stad.  Vi fekk gjort mykje mykje mykje, men har framleis mykje att no når hausten er igang. Vi har hatt mykje kjekke folk på besøk og kanskje ikkje verdens varmaste ver, men men.... det har no vore fine dagar likevel. Vi har gjort ting inne og ute, og forhåpentligvis ser de framgangen.
Eg har laga ein liten filmsnutt med bilete som syner dagane ved hytta vår denne sommaren. 

Du kan sjå den ved å trykke under.

http://smilebox.com/playBlog/4d7a4d7a4d4441794d54673d0d0a&blogview=true

søndag 1. juli 2012

St.hans i Bremanger

St,hans - helga feira vi sjølvsagt på hytta. Det var opplett og fint, så vi fekk jobba litt både inne og ute denne helga. Inne har Leo fått opp dørene til 3 av soverommene og montert dusjen på badet. Ute har mor mi prøvd seg på å slå graset og rydda litt i "skogen" min. Gutane har flytta ved opp i tilhengeren. 
Laurdag plasserte vi bilen på ferjekaia på Oldeide og tok ferja over til Måløy. Her var det Måløy-dagar, så vi handla litt, såg på folkelivet, snurra i karusellar og kosa oss. Laurdags kveld var det St.hans feiring så vi reiste først ut på Grotlesanden for å sjå på bålet der. Det var ikkje påtent enda men vi fekk oss ein fin time på sanden før vi reiste inn i enden av Dalevatnet og såg på bålet der istaden. Då ungane var i seng sat Alice og ei venninne barnevakt medan vi litt eldre tok turen bort til hyttenaboane. Koseleg kveld!

 
Beklager at bildene står litt rotete, men det er et HERK å legge ut bilder for tida. Eg trur eg gjere det på ein tungvindt måte eller så skjønner eg ikkje korleis det nye konseptet på denne nettstaden fungerer! 

torsdag 31. mai 2012

Pinsehelg

I pinsa har vi sjølvsagt kosa oss på favoritthytta.

 Eg, Leo og minsten kom utover med bil laurdag, medan gutane fekk segle med onkelen utover. Vi plukka dei opp ved ei kai i nærleiken utpå ettermiddagen samme dag.
I pinsa har vi måla hus, rydda strand  (igjen...) trekt om pinnestolane til kjøkkenet, vassa, bada (iallfall ein av oss), flytta og rydda stein, kjørt båt, rodd båt, sola oss, grilla og slappa litt av.
Hytta var eigentleg måla for 2 år sida men den hadde litt flekker her og der etter blank grunning som var grisa med, så då fekk heile hytta seg eit nytt strøk med maling. Så no er den kvit og fin igjen.

Vi hadde med oss både kano og gummibåt utover denne gongen. Kanoen fekk vi ikkje prøve men gummibåten har vore i bruk i helga. Leo og gutane hadde seg ein prøvetur på laurdag og ein fisketur på søndag kveld. Etter fisketuren kom dei skrattande inn gjennom døra,kliss våte og heilt oppglødde. Dei hadde visst vorte nokre bølger på veg tilbake som hadde gjort det til ein ekstra spanande tur. 



Gutane har leika i fjæra, bygd sandslott, vassa og bada. Veret har vore heilt strålande denne helga. Temeperaturen har vore heilt herleg, ein verkeleg forsmak på sommaren. Vi målte blant anna 17 grader i vatnet og det er jo ikkje ille for å vere i mai.



















Her er nokre bilete frå innandørs også. Det er mykje godt arbeid att inne også, både når det kjem til utforingar,lister,elektrisk dilldall osv osv, men det tek vi etterkvart.

fredag 4. mai 2012

Hyttelivet er fantastisk!

Ja, som overskrifta seier; hyttelivet er fantastisk! Det kan absolutt anbefales! Sjølv om vi jobbar med noko kvar dag på hytta, så slappar vi så godt av likevel. Ein får ein heilt annan ro over seg når ein er på hytta. Forige helg var vi heile 4 netter på denne herlege staden. Vi reiste ut fredags ettermiddag og reiste heimatt tysdag 1. mai. Måndag var det elevfri dag, så Leo hadde fri frå jobb og var saman med ungane på hytta medan ho mor pendla på jobb i Svelgen. Ellers kosa vi oss på hytta heile tida. Vi fekk lagt tak på 3 av soverommene, vi fekk malt 4 pinnestolar og alle limtredragarane, vi fekk hengt opp lystette rullegardiner og lamper i alle rom.  I tillegg har vi rydda stranda i timesvis kvar dag. Fjæra inneheldt store mengder raud takstein som nokon hadde slengt frå eg ein gong i tida. I tillegg var det myke stein og glasbrot der. Vi fann ut at rydding var på sin plass og det vart ganske bra til slutt, men vi har ein del att endå. Eg gløymte sjølvsagt å ta bilete av stranda etter at den var rydda, men eg får prøve å gjere dette neste gong vi er på hytta. Det vart iallfall stor skilnad på før og etter ryddinga. Iver har kosa seg i fjæra saman med brødrene. Han har tusla rundt, gravd litt i sanden og kasta stein i vatnet.  Gutane har fiska og Mathias fekk den første fisken som er fiska frå hyttetomta vår. Det var stor stas!

mandag 9. april 2012

Vi er igang!

Ja, då har vi flytta inn på hytta vår. Vi har feira vår første påske på hytta.
Vi kom Skjærtorsdag og reiste heimatt søndag. Det har vore nokre flotte dagar. På torsdag såg ikkje hytta så veldig bebuelig ut, men etter at vi hadde rydda, støvsuga, vaska og styra på heile dagen var det godt å sige ned i sofaen med tende lykter i 20-tida på kvelden. Resten av dagane var det berre kos, godt mat, litt jobbing, speling av spel og litt besøk av hyttenaboane og av slekta. Iver var sjuke heile påska og ville helst "henge på" ho mor heile dagen.
Vi har sjølvsagt mykje att før hytta er ferdig, men no kan vi iallfall arbeide og bu der på same tid.
No er vi endeleg igang med hyttelivet og det føles fantastisk!!

søndag 4. mars 2012

Enda ei helg er over

Ja, då er nok ei helg over. Vi har sjølvsagt vore på hytta på laurdag og søndag. På laurdag reiste vi ut heile gjengen medan søndag vart Iver att heime i Svelgen med Alice. I helga har vi fått isolert og lagt tak i yttergangen, Leo har starta flisinga på badet og eg har rydda, støvsuga, rensa og olja alle golvene i 2. etg. Det var utrulig greitt å bli ferdig med. No er iallfall ikkje golvene ubehandla lengre. Dei skal sjølvsagt ha minst eitt strøk til, men vi er iallfall nærare målet for kvar dag. Alice skrudde saman ei hylle, hjalp til med nedvasking på loftet og passa Iver.

søndag 26. februar 2012

Stadig nærmare målet

Då er vi snart ferdige med februar månad og vi held sjølvsagt på med hytta så ofte vi kan. No i vinterferien har vi vore utover heile gjengen 3 dagar på rad. Vi var spent på korleis minstemann skulle takle tilhøva (eller korleis vi ville takle å ha minstegullet vandrandre rundt og ta på alt). Det har heldigvis gått over all forvetning. Han har no tusla rundt, sove litt, ete litt og leika litt. Leo har styrt med siste fuginga på badet, avretting av golvet, plast i taket og lagt taket på badet. Eg har skrudd kjøkken og baderomsinnreiing. I tillegg har vi rydda kring hytta etter at Dagmar-stormen har kasta materialet litt rundt omkring ( i tillegg til det vi sjølve har rota til...). Så no ser det iallfall litt betre ut både inne og ute. Vi har også fått montert peisen i løpet av helga, så i dag tende vi i den for første gong.

søndag 8. januar 2012

Godt nyttår

Då er 2012 godt igang og arbeidet på hytta held fram. Sida sist har det skjedd litt av kvart.
- Veggane på badet er nesten ferdig flislagt.
- Rørleggaren har vore på besøk ein gong og skal komme ein gong til før alt er klart.
- Septiktanken er komt i jorda
- Ovnen til hyttekosen er kjøpt inn, men ikkje montert
- Trappa er montert men ikkje behandla
- Karmen til døra til badet er på plass.
- Benkeplata har vi rensa med trerens og byrja på den laaaaange prosessen for å få den slik vi vil ha den (den skal både lutast, oljast og kanskje til og med lakkast før den skal på plass).
Utandørs har vi fått ordna siste platået framfor hytta.
Stormen Dagmar tok godt i Bremanger, men ingenting på hytta vår var øydelagd. Den besto med andre ord testen. Det var berre nokre plankar utforbi som hadde flytta litt på seg.
Downlights på plass både her og der.
Dørkarmen inn til badet på plass.
Litt flising att over døra og så er det klart til fuging.