tirsdag 29. juni 2010

Endeleg!

Endeleg er vi i gong med røysing av hytta. Dette er ein milepæl i prosjektet. Arthur og eg reiste med første ferje for å ha ein lang dag. Vermeldingar kan ein ikkje stole på. Regnbygene var både i aust og vest, men rimeleg tørt der vi arbeida. Dette heldt seg fram ca 18.00 då alle slusar opna seg og vi måtte avbryte monteringa for å dekke til med plast.


Montering av hytta er foreløpig grei skuring, alle mål stemmer og det er stort sett palnkekøyring :) Vi funderte ein del på korleis hjørnene skulle vere men med nitidig lesing av monteringsrettleiinga så fann vi ut det også.
Røysing av hytta byrjar med å sette opp veggar i første etasje, så legg ein opp bjelkelag som gir golv på loftet. Når det er på plass så sett ein opp veggar på loftet for så og avlsutte med sperr og tak.

Vi har ete to måltid i det som ein gong skal verte stova og vi opna glasa mot vatnet for å nyte utsikta. Jaudå dette var eit rett val av tomt. Måtte vi få lange periodar med opphald framover så vi får tett hytte utan for mykje ausing. Har du ei ledig stund og arbeidslyst så ta gjerne ein tur.

Publisert av Leo

søndag 27. juni 2010

Pakka ut og sortert

Første etasje er pakka ut og sortert. Vi rakk det akkurat før ei svær regnbye.
Elementa ligg no og ventar på 2-3 dagar med opphald. Sikkert litt optimistisk men men.
Tysdag-laurdag ser bra ut med tanke på veret.
Vi har prøvd eit element for å sjå korleis det ser ut. Dette skal gå bra.
I morgon vert det bestillt septiktank, like godt å få det på plass med ein gong.
Vi håpar på snarleg endring i dei faste bileta....

Publisert av Leo

lørdag 26. juni 2010

Steg for steg

Ny dag i hytteprosjektet. Arthur og eg hadde 3 effektive timar i dag. Vi hadde tre dråpar med regn medan vi arbeida men vart også akkurat ferdig før ei av dei varsla regnbyene kom.
Vi fekk lagt på all material som skal vere grunnlaget for montering av elementa. Svillen består av er 148 x 48 impr. plank i tre lag.

I morgon skal eg ut igjen for å gjere ferdig arbeidet med å feste svillen grundig til betongen, for det kan visst blåse i ytre.

Det skal på plass bandjern, ekspansjonsboltar, samt felle ned firkantskive og muttrar for dei boltane som er faststøypt. I tillegg skal det spikrast.
Det går sakte men sikkert framover og det er med ein viss forventning vi no går inn i ferien med heile dagar til disposisjon.










Publisert av Leo

torsdag 24. juni 2010

Geometri er viktig for sjølbyggarar......

10 millimeter er alt som skal til. Forskalinga og den ferdige betongplata var i vinkel og hadde rette diagonalar. Dette skulle gå som ein leik.
Jaudå... om det var rusk i auge eller ein veldig billig meterstokk som gjorde til at lengda på eine svillen vart 10 milimeter kort i starthjørnet veit vi ikkje, men desse små milimeterane kosta oss ein heil Laurdag og jonsokafta fram til midnatt.
No er endeleg alle hjørner rette og diagonal måla er etter teikninga.
På fredag er det klart for å ferdigstille svillen og kanskje pakke ut eit element eller 7. Det er meldt godt ver i helga, måtte de vare gjennom veka også.
Etter ei veke med brannvakt er det godt å vere i gong igjen.
Publisert av Leo

fredag 18. juni 2010

Betongen er herda

Betongen er herda for lenge sidan og den er behørig vatna i 7 dagar. Forskalinga er riven og plata med tilhøyrande mur ser bra ut.
Vi er no i gong med å legge svillen som hytta skal festast på.
Som de ser er det mange vinklar å ta omsyn til om dette skal verte nøyaktig.
Mathias og Velte har funne seg ein venn på sin eigen alder på nabogarden, så det er jo veldig kjekt.

Denne veka har eg brannvakt og det vert difor ikkje aktivitet før etter tysdag neste veke.
Sønnøve og Olav har varsla sin ankomst første helga i juli. Dei skal få lov å vere turistar også, men hammar og sag ligg klar til bruk om arbeidslysta kjem snikande.
Denne helga vert nytta til å gjere meir ferdig på utestova.
Akkurat i kveld passar det bra å oppdatere bloggen då vi har 7 grader, kuling og regn. Hammaren virkar i slikt ver også.... men det er berre så vidt.

Publisert av Leo

mandag 7. juni 2010

Då er støypinga unnagjort.

Ja, då er støypen på plass. Sjølve støypinga gjekk føre seg fredag og betongen vart levert av Totland frå Eid. Det gjekk relativt fort og greitt. Forskalinga holdt og det var nok betong, så då var det ingenting å bekymre seg for.
Teoretisk skulle det halde med 8,6 m3 betong, vi plussa på 1 m3 og hadde vel ca 300 liter til overs når vi var ferdig.
Asbjørn frå SERFIX var innleigd for å vere fagleg støtte under utlegging og avretting. Grovstøypen vart lagt ut med laser. Vi byrja med utlegging av betong kl 09.45 og var ferdig 11.15.
No skal alt herde nokre dagar. I går reiv eg forskalinga. Alt ser bra ut, så det lovar godt.
Neste steg er å få på plass ramma slik at vi kan byrje å sette opp elementa til hytta.




Publisert av Leo