søndag 23. oktober 2011

kjøkkenarbeid

Det går stadig framover på hyttefronten, sjølv om det ikkje ser slik ut på bloggen. Golvet er ferdig, varmen er komen i golvet og downlights'a er på plass i taket. Kjøkkenet har byrja å ta form då Leo har montert alle under- og overskap. Vi finn riktignok ikkje foringane. Vi har også kjøpt feil høgde på ei smal hylle, men ellers ser det ut til at vi har klart å få med oss det meste frå Ikea. Jammen bra at foreldra mine er i Bergen slik at dei kan reise innom Ikea på veg heim og kjøpe foringar.
I dag blir det kanskje flislegging på badet også, dersom ikkje noko anna spanande dukkar opp.
No byrjer Leo på vakt ei veke, så då blir det ikkje hyttebygging før i november. Det nærmar seg jul i ein fæla fart...

fredag 19. august 2011

Isolering av golv, båtkos og Madcon

Ferien er over og arbeidslivet har starta att. Leo er i farspermisjon medan eg har starta i jobb att. Dagane fyk avgarde. Leo er sjølvsagt på hytta kvar helg og jobbar på. No er det golvet i 1 etg. som står for tur. Halvparten er no isolert, så kanskje alt golvet er ferdig isolert når helga er over????

Gutane har fått testa ut gummibåten også, noko som var stor stas. No kunne dei ligge i båten med kvar sin sjøkikkert og studere livet i vatnet. Leo tok båten ut på vatnet og fekk tatt nokre nye bilete av hytta vår også. Den ser jo ut som eit svææææra hus når ein ser det på foto, men den er ikkje så stor som den ser ut altså (men den er jo ikkje så veldig liten heller...). Akkura passe stor.

Madcon har jo vore i Bremanger-bygda og spelt inn Noregs dyraste musikkvideo denne sommaren. Dette måtte ein sjølvsagt få med seg. Alice med venninner hadde stæsja seg og deltok på videoen, medan Leo og gutane såg på. Innspelinga skulle eigentleg starte kl 19, men det heile vart veldig forsinka, så dei var ikkje heime i Svelgen før kl. 03 om natta :) Medan dei venta på at det heile skulle starte hadde Leo og gutane vore på Knutholmen ei stund. Plutseleg kom Josef ifrå Madcon gåande inn. Heldigvis fekk nokon knipsa eit bilete at gutane saman med Josef. Bilete er sjølsagt allereie printa ut og heng på veggen på rommet deira.

søndag 24. juli 2011

stadig i aktivitet

Kvar dag er det aktivitet på hyttefronten. Leo jobbar og står på, frå morgon til kveld. I kveld overnattar han på hytta slik at han kan jobbe enda litt lengre utpå kvelden og starte enda litt tidlegare i morgon tidleg. I morgon kjem også rørleggar på besøk for å koble diverse på badet slik at vi kan halde fram med arbeidet der. Eigentleg er det like greitt at sommaren ikkje har vore den beste, sida vi ikkje har fått gjort anna enn å jobbe jobbe jobbe. Til veka tar vi oss ein liten tur til sogn, så får vi og ungane litt ferie vekk frå hytte og heim. Det skal bli bra for oss alle. No byrjer vi jo på siste ferieveka også, så skal Leo starte på jobb att medan eg er i permisjon nokre dagar til.
Bilete nr. 1: Plating av trappa opp til loftet. Bilete nr. 2: "luftinga" til spetiktanken er på plass
Bilete nr. 3: Badet har fått "membranplater" (veit ikkje kva det heiter men....). Bilete nr 4: Takrenne på plass.

tirsdag 19. juli 2011

hytteormen

Ja vi jobbar no på i hytta, iallfall ein av oss.... Leo har no starta på badegolvet. Her har han lagt isolasjon, varmekabler og støypt golvet. I morgon legg han varmekablar i yttergangen og støyper der også dersom alt går etter planen. Det vart tid litt rydding kring om hytta også.

Leo flytta på noko plast som låg utforbi då ein hoggorm plutselig ramla ut av plasten og rett framfor beina på han. Hoggormen er jo eit freda dyr, men Leo meinar han handla i nødverge så.... no er den iallfall veeeeeldig fredelig.

søndag 10. juli 2011

Første overnattinga har skjedd

Ja då er første ferieveka over og første overnattinga er også unnagjort. Leo og gutane overnatta frå torsdag til fredag på hytta. Det var sjølvsagt stor stas. Gutane sov på det som skal bli deira rom på loftet.

Sist veke hadde vi også besøk av Leo sin far med sambuar. Dei hjalp til både innandørs og utandørs nokre dagar, noko vi set stor pris på. Dei måla mellom anna mykje av det som stod att på hytta, så no ser den litt meir ferdig ut.
Det vart også tid til eit betre måltid på Knutholmen i solsteiken. Endeleg har vi hatt nokre skikkelige sommardagar. Desse to bileta frå Kalvåg har Mathias på 9 år tatt. Han er ein habil fotograf.

Laurdag fekk Leo ferdig soverom nummer to i tillegg til nesten heile loftsstua. Innan dei to neste dagane trur vi at alle veggane i 2. etg. er kome på plass. Då er det berre taket att før vi startar på 1. etg. att.

tirsdag 5. juli 2011

Juli er her

Ja, då er ferien starta for vår del. Vi (Les Leo) driv på i 2 etg. for tida. Han har delt inn romma og lagt det elekriske i veggane. I dag har han lekta ut slik at det er klart til å leggast tak. I dag kjem også svigerfar på besøk og skal hjelpe til nokre dagar. Her er nokre bilete frå søndag. To av romma seg skrekkelig små ut, men ein skal jo berre sove her. Veggen mot loftstua er 154 cm, så her er akkurat plass til ei dobbeltseng på 150. Det må no vere bra eller kva? Ein får ligge litt tett når ein er på hytta :)
Dei to første bileta er frå 2. etg. Bilete nr. 3 er frå stua medan siste bilete er tatt på Grotlesanden.

Publisert av Anita HC.

tirsdag 21. juni 2011

Golvet er nesten ferdig

Hei hei

Då er golvet nesten ferdig i 2. etg. Vi er ferdig med taket i 1. etg i tillegg til at veggane er komne på plass. Vi er nesten ferdig med alt det elektriske også, det nærmer seg sakte men sikkert ei hytte. Det blir sjølvsagt ikkje noko ferie i ferdig hytte denne sommaren, men i løpet av ferien må vi no ha kome langt. Det er framleis for mykje støv til at eg kan vere der med minsteguten.

På sjølve hytta ute står det litt malingsarbeid att. Det er slike ting som eg kan pusle med dei gongane eg er der ute. Men så lenge vi ikkje har nokon stad å gjere av lisjeguten blir det vanskelig for meg å vere der lange dagar. Det er jo nesten berre ei steinur ute og masse masse skit og støv inne. Men men.............om ei stund blir alt så mykje betre (føler eg har tenkt den tanken ganske lenge no....)

Neste steg er å sette om veggane i 2. etg., isolere og sette opp platene på veggane slik at vi kan få nokre meir eller mindre støvfrie golv på loftet. I tillegg får vi då frigjort litt plass ved å putte ting inn i veggane som allereie ligg og tek opp plass på hyttegolvet vårt.

Utanfor hytta driv grunneigaren framleis på og lagar til. Han skal grave vekk større steinar på ministranda nedanfor hytta i tillegg til å lage til murane kring uteområdet. Han skal også grave ned septiktanken snart (håper eg....). Så det er mykje godt arbeid både i og utanfor hytta.

Dersom nokon har lite å ta seg til å sommar, så er det berre å ta turen. Her er det nok arbeid til alle ;)

fredag 20. mai 2011

tak og litt vegger

Det går framover på hyttefronten. No har vi fått opp taket i 1. etg. og i dag starta Leo på veggane. No ser hytta plutselig mykje meir "ferdig" ut. Vi er ganske sikker på at ferdigmåla tak og vegger var eit veldig riktig val. Når vi ser alt arbeidet vi har å gjere, så hadde det vore eit stort prosjekt å kvistmale, grunne og male alt av vegger og tak i hytta.




Publisert av Anita HC

lørdag 23. april 2011

Påska 2011

Påska er snart forbi og det har vore nokre heilt utruleg flotte dagar. Eg kan ikkje hugse ei påske der det har vore sommartemperaturar ute slik som det har vore i dag og i går. Vi snakkar om 19-20 grader faktisk. Leo og gutane har vore i ytre kvar dag sida onsdag. Han har fått god hjelp av både far og svigerfar nokre av dagane. No er alt det eletriske i 1. etg ferdig, i tillegg til at alle vasskursane er lagt. Grunneigaren som har vi har kjøpt tomta av er i full gang med å mure ferdig rundt hytta også. Det byrjer med andre ord å ta form både inne og ute.





Publisert av Anita

mandag 18. april 2011

IKEA here we come!

Då er vi klare for IKEA. Kjøkkenet er ferdigteikna, så no er det berre å sette seg i bilen kl 06.00 i morgon tidleg og køyre avgarde. Vi har teikna nokre dagar no og har kome fram til følgande løysing:



Kjøkkenet vart noko (kremt) dyrare enn vi i utgangspunktet hadde tenkt, men pytt pytt.... det er eit rom vi skal bruke mykje, så då er det viktig at det er funksjonelt.

Eg kan ikkje seie at eg akkurat gledar meg til morgondagen med 8 timar køyring, diskutering, leiting etter alt vi skal ha, pakking av bil og hengar osv. Eg gledar med myyyykje meir til den dagen kjøkkenet står ferdig og skal takast i bruk. Her skal vi kose oss masse i åra som kjem.


Publisert av Anita

fredag 15. april 2011

Påskeaktivitetar

No er det gått ein månad sidan vi oppdaterte bloggen, men det skjer ting likevel. Sist helg var Iver med på hytta for første gong. Eg har heller ikkje vore på hytta sidan fødselen omtrent, så det var kjekt å ta seg ein tur no. Det er eigentleg ingen stad å vere for ein på 6 månadar, med isolasjonsdottar her og der i tillegg til byggestøv og anna. Planen var derfor å halde han vaken til vi kom på hytta og så skulle han sove ei gooood stund utforbi hytta. Dette gjekk jo sjølvsagt ikkje heilt etter planen. Han var vaken til vi kom ut på hytta og sov vel knapt 1 time vil eg tru. På den tida fekk vi flytta alt golvet som skal vere i 2. etg opp dit. Så vakna guten og det var lite eg fekk gjort etter dette. Eg tok meg derfor ein tur i bilen til ulike butikkar saman med Iver medan Leo sette opp veggen mellom bad og kjøkken. På kommande tysdag reiser vi nemleg på dagstur til IKEA for å handle kjøkken. Det derfor naudsynt å sette opp veggen slik at vi betre kunne sjå føre oss korleis kjøkkkenet kom til å bli. Hytta er langt ifrå ferdig til at vi kan sette opp kjøkkenet, men det er jo greitt med alt som er unnagjort. Dessutan har IKEA kampanje ut april, så då nyttar vi høve til å handle no. Påska kjem til å gå med til å bygge meir på hytta sjølvsagt. Det blir jo ikkje den kjekkaste påska for ungane, men slik blir det i år. Kanskje vi tek oss ein tur til venner eller slekt på slutten av påska, men i hovudsak er det hytta vi fokuserer på i år. Det er berre om å gjere at vi har kjøpt inn alt vi treng av materiale og utstyr til å halde på der ute desse helligdagane. God påske!

tirsdag 8. mars 2011

Grått er hot

I går tok vi oss ein tur på byggeriet for å plukke ut kva vi skal ha på veggar og tak. Vi kjem til å gå for ferdigmala produkt for å lette arbeidsmengda, ellers kjem vi aaaaaldri til å bli ferdige med dette hytteprojektet. Panel eller noko som liknar på det har også vore bestemt frå første stund.
I utgangspunktet var planen å gå for ekte vare, men no endar vi nok opp med kostemalte huntonit-panelplater. Det er fleire grunnar til det. Dei nye platene med namn Fas 8 bord ser meir "gammaldagse" og ekte ut enn tidlegare plater, dei er raske og lette å sette opp, dei gir ingen avgassing og inneheld ingen kunstige tilsettingsstoff. Dei er dei einaste platene som er godkjent av astma og allergiforbundet og ikkje minst....dei beveger seg ikkje i etterkant. Så då slepp vi å male opp att eventuelle sprekker mellom borda som ville oppstått. I taket blir det ferdigmala kvite bord. Inne i mitt hode skulle alt vere kvitmåla med kanskje litt innslag av grått nokre plasser, men no ser det faktisk ut til at veggane blir lysegrå istaden, med kvite lister. Eg såg nemleg på platene i fargen Frost og fann ut at dei var eigentleg ganske fine. Det spelar jo sjølvsagt ei lita rolle at denne fargen kjem til å komme på kampanje snart også..... Dersom det skulle syne seg at grått ikkje blir fint overalt, ja så får ein berre male dei då...

onsdag 2. mars 2011

Elektriske tankar

Vi har byrja å tenke litt på belysning og diverse på hytta. Skal vi ha downlights eller ikkje? Korleis skal dei plasserast? Kva belysning skal vi ha på loftsstua, på kjøkkenet osv??? Dette er greitt å ha tenkt nøye gjennom. Vi har derfor laga oss ei liste for kvart rom over kva vi treng/har lyst på. Det er mykje kjekt å finne der ute og breidda er stor. Du finn alt frå gammaldagse til trådlause brytarar du berre kan flytte rundt om du ønskjer det. Trådlause brytarar kan til dømes "vekse med" barnet ditt. Prisane varierer jo sjølvsagt ein del.
Det er jo fristande å kjøpe lysbrytere og kontakter som ser gammaldagse ut, slik som desse, men.......... dei er ikkje akkurat billige for å seie det sånn. Dei er riktignok ekstremt haldbare, men utifra det vi treng vil det bli ein prisskilnad på kr 17 000 mellom dei gammaldagse brytarane/kontaktane og standard utstyr, så.....


Bileta er henta frå byggfabriken.com, ei side med litt av kvart for hus du vil skal sjå gamle ut.
Publisert av Anita