søndag 19. desember 2010

Hytta i pepperkakeform

I år laga vi hytta i pepperkakeutgave også. Den vart jo ganske så fin meinar no vi.
I dag hadde Leo seg ein tur ut på hytta berre for å sjekke forholda og stille ovnen inn slik at den slår inn når det blir 0 grader i hytta. Vi vil jo helst ikkje få øydelagd noko av det som står innandørs. No blir det vel ikkje meir hytteliv før etter julafta vil eg tru.


Ei riktig god jul og eit godt nyttår. Måtte det nye året bringe mange gode minner på den nye hytta vår :)





Publisert av Anita.

lørdag 11. desember 2010

Ja ja ja :-)

Vi kan fastslå med ein gong at vi har betre framdrift på hytta enn på bloggen. Hausten har hatt mange utfordringar som har måtta handterast må så ymse vis.
Som de ser av bileta så er pipa igjennom taket, og har fått alle sine beslag på. Rikeleg med blå grader har gjort det litt utfordrande å støype pipa. Men med ein stor elektrisk varmeovn som bles inn i pipa har herdinga gått som den skal.
Veggar i første og andre etasje er isolert med 15 cm Rockwool. No skal vi legge plast på for så og lekte ut med 5 cm. I dette skiktet skal det også leggast elektrisk og vatn. Til slutt skal det isloerast med 5 cm og kleast inn.
Innvånarane rundt Dalevatnet har allereie vore på skeiser på isen, litt tyngre føre vart det i desember då snøen kom.
Våre planar om å få ned septiktank, vatn og kabel for elektrisk er i fare for å måtte utsettast.
I våre mest optimistiske planar tidlegare var det omsnakka å feire jul i hytta. Det hadde gått men det ville uten tvil vore ei jul med store utfordringar.
Om de blar tilbake til byrjinga av denne bloggen så ser de at det trass alt har skjedd ein del sidan april månad.
Publisert av Leo






mandag 22. november 2010

Isolasjon og pipe

Ja, det er ikkje så ofte oppdatering på bloggen for tida, men det er ikkje like ofte vi er ute i Bremanger heller. Litt har vi likevel fått gjort sida sist. Sist helg fekk vi isolasjon til hytta, så no er halve hytta isolert og temperaturen er litt meir levelig enn det har vore. I helga var det strålande ver og dermed måtte vi prioritere pipe. Vi fekk saga hol i taket og gjort ferdig pipa heilt opp. No er vi berre på jakt etter ein gammal ovn som vi kan "koble på" i annleggsperioden. Då kan vi fyre i hytta medan vi jobbar. Nokon som veit om ein gammal ovn dei ikkje treng lengre???


Publisert av Anita HC

torsdag 21. oktober 2010

Mange jarn i elden...

Sidan forrige oppdatering har vi fått gjort noko sjølv om ikkje det har vore så syneleg på bloggen. I denne perioden har også familien auka frå 5 til 6, vesle Iver kom til verda 5 oktober.
Sjølv om fokus har vore på andre ting har vi fått gjort litt.
Vindskeier er komen på alle plassar. Alle kassar er på plass. Lister rundt vindauger er klare. Det manglar beslag under vindauge men det skal vi nok få til. Lister rundt dør til bod manglar men ellers er det mykje godt vinterklart ute. Nedløp til takrenner og hjørnebord skal også på plass men det er ikkje avgjerande før vinteren.
Vi skulle sjølvsagt hatt ei veke med godt tørt ver så vi fekk mala oss ferdig. Akkurat no ser det mørkt ut då det er ca 15 cm snø utanfor her heime og det er nok snø også i ytre.
Vi byrja på pipa i forrige veke og som de ser på bileta er pipa komen opp i andre etasje. Betre meldingar til helga så kanskje vi skulle fått teke hol for pipa og fått den på plass.
Campingvogna som vi har hatt ståande som base er pakka i saman og flytta til Svelgen. Det var ikkje det store beohvet lengre, og med vinter og vind i vente var det eit greit val.
At snøen kjem så tideleg, det tidlegaste sidan 1973 er ein strek i rekninga. Vi ville jo ha ned både septiktank, vasselding og elkabel før snøen kom.
Vi sett vår lit til at ting normaliserar seg og at det vert 10 grader og regn fram til jul, då får vi gjort gravearbeidet før jul.
Vi har rekna ut mengda isolasjon som skal til og når golvet er lagt i andre etasje så får vil bilen med isolasjon på tunet og har plass til å lagre.
Publisert av Leo











fredag 1. oktober 2010

Slik er det kvar dag ved Dalevatnet.... neidå ikkje kvar dag men dei er enklare å hugse og set oss i stemning med tankar om kva som ventar eit stykke der framme.
Når ting er på plass, kan sette ned tempo med lange kveldar og pi..brus og grilling, kanskje med nyfiska fangst på grillrista.... vel vel, vi er på veg :)




Siste nytt

Som de ser av bileta skjer det ting fordi om ikkje bloggen er like ofte oppdatert. Septiktanken er komen til gards. Den må jo gravast ned før vinteren kjem. Når gravemaskina først er der må vi få ned el.kabel og vatn også.
Kassa under rafta er ferdig heilt rundt. Vindskeier er ferdige på arka. Mykje spekulering på løysingar som ikkje er så godt beskrive i byggepermen til leverandøren.
Arthur er ei eviggåande maskin og maurar på med stort og smått og er ein uvurderleg ressurs.
Dagane førre helg var lange i god haustver. Kaldt i skuggen og varmt i sola.
Mathias og Velte var høgt og lågt ilag med Endre og Tobias frå nabogarden. Dei stortrivast i området og er med utover så snart det er mogeleg.
Til helga vil vi prøve oss med litt måling på dei grunna borda utvendig.
Eller må vi få i hus noko material som skal nyttast inne.
Publisert av Leo











søndag 12. september 2010

Arbeidet viser litt igjen...




Som de ser på biletet er det no shingel på alle plassar der det skal vere shingel. Dagen i dag var forventa å bli ein våt opplevelse men neidå, solglimt, vindstille og berre ei regnbye. Regnbya vart endå til plassert i vår matpause. Hytta tek form med tak ferdig og kassar under raft på plass. I bilete manglar no eit pipe, det vil vere bokstaveleg tala kruna på verket. Kven veit kva vi får til denne veka. De får vente på neste biletet.
Arthur og eg har også hatt ein større standardheving på området rudnt hytta. Området bar preg av at det ikkje har vore rydda sidan vi hadde besøk for mange veker sidan.
Avfallet er sjølvsagt sortert og skal sjølvsagt leverast til ein mottakar med naudsynte sertifisering og ingen anmerkningar frå Fylkesmannen.
Området er sikra for stormen som kjem i morgon, stormen er vel eit haustteikn. Når vi er inne på hausteikn så opplevde vi i dag skot frå 3 himmelretningar, vest, nord og sør. Skal vi vurdere ut frå smila til jegarane som går og køyrer forbi er det gode dagar med forventa fangst.

Publisert av Leo

lørdag 11. september 2010

Smått framover, men framover :)







Det er meldt nedbør i bøtter og spann så det er vel på tide å arbeide litt på hytta igjen. I dag har det vore ein god dag. Taket er over inngongsdøra er ferdig til sutak, krokar for takrenne er på plass og kasse under rafta på ei side er ferdig.

I morgon er planen å legge sutak om veret er greit. Skulle det bli nedbør så er det plenty andre oppgåver å ta til med i nær framtid. Kva med listing rundt vindauge, bandjern i veggar, vindskeier, mure pipe, lagre golv inne, montere hjørnebord, meisle opp avlaupsrøyr for toalett(jada, feil mål...), legge møneplater, støype fundament for støtter vindfang og mykje meir. Vel vel, vi har bedt om det sjølv.
Området krev og ein real opprydding, samt at utsette delar må sikrast før stormen som er varsla måndag ettermiddag ramlar inn over kysten.
Til besøkande så kan eg opplyse om at bananene er fjerna.
Ein dag inn i hjortejakta var krutet framleis tørt og det small i alle granfelt rundt Dalevatnet.
Det small ganske nær nokre gonger men vi har ikkje funne teikn på at det har vore løyst skot i vår retning.
Publisert av Leo

onsdag 8. september 2010

Flott ver med lite jobbing

Jaja, sola skin og det er varmare her enn då det var sommar. Leo hatt vakt ei heil veke no og dermed har vi vore låst til Svelgen, og dei dagane vi kunne ha reist ut har det sjølvsagt vore eit viktige møte eller to vi skulle ha vore på. I tillegg har vi dei tre siste helgane hatt fullt opp med andre ting. Men i dag skal karane ut ein tur, så då blir det litt arbeid nokre timar iallfall. Det går noko seinare når ein tar ferja ut 16.45 og ikkje er på plass der ute før ho er nærmare 18, då er det ikkje mange timane att med sol, før myggen kjem og et deg opp. Til helga har vi få planar, så då blir det hytte hytte. Hytta er tett og vi manglar berre Shingel på delen der inngang og bod er, så det nærmar seg. Det står jo endå ein del att utandørs, både i høve til listing kring vindauge og anna, medan eg er veldig klar for å starte innandørs snart. Eg har jo allereie innreia alle rom to gonger i hovudet, så eg er klar for ein ny epoke på hyttefronten. Leo kan sjølvsagt ikkje forstå korleis ein i det heile tatt kan tenke interiør når ein no heller skal tenke på isolasjon, bygging av pipe og eigentleg heilt andre ting, men det er vel ei sånn "damegreie" vil eg tru. Eg hadde jo eit håp om at hytta skulle bli ferdig til jul, men ser no at det kan bli både vinter og vår før alt er klart. Det betyr eigentleg ikkje så mykje, så lenge den er klar til neste sommar.

Publisert av Anita HC

onsdag 25. august 2010

Bloggen er ikkje død. Men tida er mykje kortare no når skuleferien er over og dagane er organisert til siste minutt. Jaudå vi har hatt fleire økter med hyttebygging. For den observante lesar har vi fått på shingel på halve arka og på halve taket mot vatnet. Vi er godt i gong med siste delen og. Eit par kveldar til så er all shingel på plass.

Takrenner er på plass og renn rette vegen. Klossar for kasse i møne er på plass og det er ikkje så lenge til raftekassa er klar.

Det er mange detaljar som skal på plass på utsida, både lister, pynteklossar, hjørnebord og mykje meir, men trass alt hytta er tett.

Vi har eit svart tak, det ser ikkje ut som måsen bryr seg om det. Når måsen gjer sitt fornødne på taket vårt viser det særs godt. Er ganske spent på korleis dette skal gå....
Publisert av Leo


fredag 13. august 2010

Ei lita oppdatering

No har det vore stille nokre veker på bloggen og det har si naturlege forklaring. Vi har rett og slett ikkje vore der. Når arbeidslivet starta for fullt, med brannvakt og teknisk vakt i tillegg, så var det ikkje rom for hyttebygging rett og slett. No er vi riktignok i gang igjen. Leo og pappa var ute i går og starta opp att arbeidet med takrenner og diverse på veggen mot vatnet. I dag var det planleggingsdag i barnehagen, så då måtte Leo vere heime uansett. Då bar det rett til Svarstad med første ferja kl. 6.45. I dag var det shingel som skulle leggast, så vi får sjå om det dukkar opp eit bilete frå prosessen om ikkje så lenge. I morgon og søndag blir det stillstans igjen grunna ein bursdag i Bergen, men så er det vel berre å hive seg rundt att og få tett denne hytta før hausttormane sett inn!

ps!
Vi blir kjempeglade for kommentarar, men skriv gjerne heile namnet ditt inn under innlegget, så slepp vi å gruble oss ihjel på kven som har skrive det ;)

onsdag 28. juli 2010

Sommar heilt på tampen

Den korte ferien til Lillehammar og Hunderfossen gjorde godt og vart ein suksess. Med gode værmeldingar i sikte reiste vi heim igjen allereie fredag for å få på tak på hytta. Vi reiste via Sognefjellet til Sogndal der vi stoppa for middag og tok med oss Farmora til sommar i ytre Bremanger. Sol, bading og Grotlesand var god kombinasjon.
På hytta var det høg aktivitet med å legge sutak på tilbygg, montere takrenner og beslag. Måndagen vart nytta til å legge Shingel på halve taket.
Det vart også mala og rydda i stor stil. Slike forhold må nyt(t)ast så godt som mogeleg.
Som de ser går det framover og hytta tek form. Pipa skal snart opp og lister på vindauge og dørar skal på.
Publisert av Leo


tirsdag 20. juli 2010

Forandringar

Dagen i går vart nytta til å rydde inne. Det var behov for det. Ting tørkar opp og det er straks mykje trivelegare å vere inne. Ser at vi har ein liten lekkasje ein plass i arka, trur eg veit kvar den kjem inn.
Pappa og Liv Berit kom på besøk i går via Svelgen. Dei hadde med seg Anita og ungane utover. Pappa var god hjelp når sperr på tilbygget skulle på. Denne jobben kom så langt at vi fekk på ein presenning som held vatnet ute, det er meldt store mengder nedbør neste døgn. Vi tek no ein kort ferie og reiser aust om vasskillet for å få litt farge på den kvite huda. Vi har fått litt farge i ansiktet men det må vere rust. Ute er det ikkje rydda endå men det kjem. Måndag er det jobb igjen og kort oppsumert for ferien er vi ikkje heilt i mål slik som planen var men ganske nær.
Biletet i dag viser ein trekantkile over døra som ikkje var der før, og under presenningen er alle sperra på plass.
Det andre biletet er ganske typisk for desse 4 vekene, ein hyttelogo med regn på :)
Framdrifta vidare er å legge shingel, legge sutak på "bislag"(tilbygget) , meir bandjern for å sikre mot vind samt bolte/skru saman element i andre etasje. Vi føler eit behov for å sikre ekstra, no er det mogeleg og billig.
Publisert av Leo

mandag 19. juli 2010

Sutak ferdig :)

Då var sutaket på, endeleg. Sjølv om ikkje platene er vassfaste er dei ei god hjelp for å halde vær og vind ute.
Arthur og eg var ute laurdag for å gjere klar resten av vindtettinga. Arbeidet gjekk greit og vi hadde sommarver heile dagen. Vi kler oransje regnklede begge to. Arthur er ein stor ressurs med sin erfaring arbeidslyst.
Lektene var spikra på slik at alt var klart til å legge sutak søndag. Vi hadde eit håp om å greie heile taket på ein dag. I løpet av laurdagen tikka det inn ein SMS om at engelen frå Hyen(Per Arne) kunne vere med søndag. Å vere tre er ein stor fordel når ein skal montere tak og sage/passe til nede på bakkenivå.
Den store takflata mot vegen gjekk raskt og effektivt. Når ein nyttar plater går det fort framover. På sida mot vatnet var det meir plukk og tilpassing så der måtte det både prøving og feiling til, men resutlatet vart slett ikkje verst.
Regnet ga seg rett før vi byrja med platene og kom ikkje igjen før vi demonterte stillaset etter ferdig tak.
I morgon vert det rydding og sortering av treverk. Det trengst ryddast både ute og inne.
Publisert av Leo



fredag 16. juli 2010

Sakte men sikkert

Det vart sjølvsagt ei økt i dag og. Viser ikkje like mykje etter oss i dag men vindtetting på halve taket er på plass. Vi har også festa bandjern på alle sperr for ekstra sikring.
Stillas er ordna og vi kan ta til med resten av taket på ein sikker måte.
Reknar med å byrje med å legge sutak i morgon. Det trudde vel vi i går og men vi prøver igjen.
Røyrleggaren er i arbeid med å presentere prisar og løysingar på septikk tank. Eit av spørsmåla er 2 kubikk eller 4 kubikk septiktank... i renovasjonsordninga for fritidsbustad ligg det inne tømming av tank kvar 208 veke, dvs kvart 4 år.
Vi har forberedt lufitng av septiktank over tak for å ikkje få sjenerande lukt.
Taket på boda/tilbygg kjem opp etter at det andre taket er klart.
Ny oppdatering i morgon.
Publisert av Leo




torsdag 15. juli 2010

Sperr på plass

Arthur er tilbake med fullada batteri etter ei veke med ferie. Per Arne vart spurt om å vere med ein dag og har vore med fire dagar. Det har vore til veldig god hjelp.
Onsdag og torsdag har gått med til å legge opp sperr. Rimeleg kurrant tenkjer du. Jau det er ein grei jobb på størstedelen av taket, men vi har noko som heiter ark, kilsperre og andre slike artige ord. Teikningane har vore gode så langt men når det gjaldt monteringa av kilsperrer så var det ikkje rett fram. Det er ei mengde vinklar og retningar som skal gå i hop for å passe i lag med resten av taket. No løyste det seg til slutt men den satt langt inne. Merkinga av delar/element har så langt vore god, men kilsperrene kunne godt ha vore merka med til dømes " A skal festast til B...."
Hytta tek form og det er faktisk ikkje så lenge før vatnet renn på utsida av hytta i staden for inni.
"Det dagelege brødet" og kaffi har vore servert i 1 etg i hytta i dag, i den tørre delen sjølvsagt. Sikkert ikkje lurt å skrive det på ein blogg men i dag har vi låst hytta for første gong....og nøkkelen ligg ikkje under matta :)
Håpar å kunne vise bilete av hytta med sutak i morgon.
Publisert av Leo

tirsdag 13. juli 2010

Framover

Per Arne og eg rakk ei ettermiddag/kveldsøkt for å fullføre planen for i går. Dei siste elementa i 2 etasje er på plass. Det manglar kleding i skøytane mellom elementa men det kjem på plass i morgon.
I morgon må panel på plass, meir spikring for å stive av veggar. Det må også ryddast rundt hytta, etter travle dagar med stor framdrift ser det ikkje ut.
Det er eit håp om å få byrja på sperrer i morgon. Med dei nedbørsmengder som er meldt torsdag kunne det vere greit å ha noko å henge preseningen på.
Kanskje det vert kranselag i løpet av helga, uansett de som følgjer oss her vil verte behørig oppdatert.
Publisert av Leo

mandag 12. juli 2010

stor framgang

I dag har det verkeleg vore endringar på tomta vår. Nesten heile 2. etg er på plass, med god hjelp frå ein kranebil i 3 timar, i tillegg til 3 ekstra mann.
Dagen byrja tidleg i dag då vi tok første ferja kl 0645. Meterologane fekk rett, mykje regn og sterk vind. Faktisk liten storm ved Stadt. Ikkje optimale forhold for hyttebygging. Oppstart vart utsett til kl 10.00. Regnet gjekk frå foss til dråpar og vinden spakna og gjorde berre nokre få forsøk på å velte elementa ned frå 2 etg.
Store element gir raske resultat og det er tilfredstillande at går an å sjå at ein har gjort noko. Dagane i mellom der ein spikrar dagen lang for å få inn dei beskrivne mengder spikar i rett størrelse gir ikkje slike resultat.
Per Arne og Tore var særs viktige for dagens framdrift. Kranførar Arild hadde med seg 12 meter med krane og letta jobben med 2 etasje betydeleg.
Per Arne stiller i morgon også medan Tore reiser til Danmark for Legoland og raude pølser. Vi ynskjer god tur.
Dagen i morgon går med til å gjere ferdig siste veggen, rette opp og spikre endå meir. Limtrebjelke nr 3 skal på plass også. Vi håpar at det er meldt feil vær, men reknar med at det vert som tidlegare denne sommaren, stabilt utstabilt.




lørdag 10. juli 2010

byggefri og Vetenløp

I dag tok vi oss ein fridag frå alt som heiter hyttebygging. I staden meldte vi oss på Vetenløpet. Vetenløpet startar på Grotlesanden og går heilt til topps på Veten 527 m.o.h. Det var både mosjonsklasse og konkurranseklasse. Vi deltok sjølvsagt i mosjonsklassen. Eg og gutane var oppe i fjor også, men då låg tåka så tett at vi såg omtrent ingenting på toppen. Då vi vakna i dag tidleg hølja det ned ute, men i følgje yr.no og storm.no skulle det vere sol og lett bris på Veten, så vi tok sjansen og reiste. Det starta noko tåkete, men det letta når vi var komne opp på toppen. Vi fekk med andre ord endeleg sjå korleis det såg ut frå toppen av Veten. Fjellet er forresten absolutt verdt eit besøk.
På veg heim tok vi oss ein tur innom hyttetomta berre for å sjekke at alt stod bra til. Det var blikkstille på vatnet og riktig varmt i solveggen. Eg gledar meg til neste sommar når alt står ferdig til bruk!

Publisert av Anita

torsdag 8. juli 2010

Male male male

Ja, då er det berre å halde fram med å male. I dag mala vi første strøket heile 2. etg som låg strødd både innandørs og utandørs. Vi skulle eigentleg male andre strøket på 1. etg. også, men det vart det ikkje tid til. I morgon blir det ein tur ut att og male andre strøket på 2. etg. Utrulig greit å få gjort dette no i staden for å stå og dingle i ein stige seinare. Det blir vel litt flikking her og der når 2 etg. er komt på plass i riktig høgde, men storparten av arbeidet gjere vi no. Det var litt vind ved Dalevatnet i dag, så maletørken skulle vere meget bra.

Publisert av Anita

mandag 5. juli 2010

Jobbe jobbe jobbe

Då er vi komne til juli og sommerveret er absolutt tilstades med stiv kuling, 12 grader og regn. GLIMRANDE!!! Det passer dårlig for hyttebygging og for ferie i det heile. Kor blir sommaren av?

Vi har fått lånt oss ei campingvogn av tanta og onkelen min eit par veker. Den er god å ha. Vi kan no overnatte om vi vil (for ferja er DYR, sjølv med ferjekort), vi har høve til å lage mat og ikkje minst halde maten kald i tillegg til å kunne ha noko å søke ly i.
Sjølv om meldingane ikkje har vore til å stole på, så har det heldigvis vore nokre fine dagar siste veke, samt i helga, så då fekk vi gjort ein del. Pappa og Leo har stått på og jobba med 1. etg. heile veka. På fredag kom Olav og Sønnøve for å hjelpe til, heilt til uveret slo inn ut på ettermiddagen. Då var det ikkje anna å gjere enn å pakke saman og reise ut til rorbua som Olav hadde leigd for anledninga. Laurdag og søndag var både eg, mamma, pappa, Alice, Olav, Sønnøve og leo i arbeid, så det vart jobbing på fleire felt. Pappa, Olav og Leo har stort sett jobba med å få på plass bjelkelaget medan vi andre har grunna og fått på første strøket med maling på ytterveggane i 1. etg. Grunning og maling gjekk relativt greitt men det tok UTRULIG lang tid med det bjelkelaget. Alt må stemme på millimeteren i tillegg til at alt er spikra for hand. Det er ikkje små spikrar vi snakkar om heller, så det spørs om ikkje det blir gangsperre (for einskilde av oss iallfall) i musklar ein ikkje visste at ein hadde eingong....

Vi hadde håpa på å få byrje på veggane i 2. etg. på søndagen, men slo det frå oss grunna vermeldinga. Det var meldt liten storm til natta, i tillegg til store nedbørsmengder. Då var det litt risikabelt å byrje på veggane i 2. høgda. I tillegg skal det skråtak og ark på bygget, noko som ikkje er gjort i ei handvending. I dag er Leo og pappa ute og sjekkar at alt er på plass etter natta. I morgon skal resten sikrast godt og elementa for 2. etg. skal berast inn under tak i 1. etg. Pappa reiser på ferie onsdag og blir vekke ei veke. Utan hjelp blir det vanskeleg å byrje på 2. etg. så då ventar vi ei veke med dette arbeidet. I mellomtida får vi grunne og male 2 strøk på elementa som skal i 2. høgda, så dette er heilt klart.
Nedanfor ser de bilete av prosessen dei siste dagane:
Gutane bygger demning og kosar seg på tomta.
Publisert av Anita