mandag 7. juni 2010

Då er støypinga unnagjort.

Ja, då er støypen på plass. Sjølve støypinga gjekk føre seg fredag og betongen vart levert av Totland frå Eid. Det gjekk relativt fort og greitt. Forskalinga holdt og det var nok betong, så då var det ingenting å bekymre seg for.
Teoretisk skulle det halde med 8,6 m3 betong, vi plussa på 1 m3 og hadde vel ca 300 liter til overs når vi var ferdig.
Asbjørn frå SERFIX var innleigd for å vere fagleg støtte under utlegging og avretting. Grovstøypen vart lagt ut med laser. Vi byrja med utlegging av betong kl 09.45 og var ferdig 11.15.
No skal alt herde nokre dagar. I går reiv eg forskalinga. Alt ser bra ut, så det lovar godt.
Neste steg er å få på plass ramma slik at vi kan byrje å sette opp elementa til hytta.




Publisert av Leo

4 kommentarer:

  1. Så gøy, blir spennende fremover nå da

    SvarSlett
  2. ja, det skal vere sikkert =0) Ein travel, men spennande sommar og haust.

    SvarSlett
  3. Hei og hå! Om dåkke var i tvil, så er vi med på den nye bloggen også! :-) Ser ut som det er ei flott tomt, og at dåkke får dåkke en flott plass å ha hytta. Så får vi heller kome tilbake med kommentarar på sjølve hytta seinare :-) Flott å sjå at Leo kan jobbe og stå på, for hardt arbeid har han vel ikkje vore borti sidan han jobba og sleit i lag med oss... Lukke til med prosjektet! :-) Kraftgutta

    SvarSlett
  4. He he.

    Det er no kjekt at de følger med prosjektet vårt, og det er alltid hyggeleg med tilbakemeldingar/kommentarar.Leo er allereie reist utover for å sjekke tilhøva. Synd veret ikkje er det beste...

    SvarSlett