torsdag 24. juni 2010

Geometri er viktig for sjølbyggarar......

10 millimeter er alt som skal til. Forskalinga og den ferdige betongplata var i vinkel og hadde rette diagonalar. Dette skulle gå som ein leik.
Jaudå... om det var rusk i auge eller ein veldig billig meterstokk som gjorde til at lengda på eine svillen vart 10 milimeter kort i starthjørnet veit vi ikkje, men desse små milimeterane kosta oss ein heil Laurdag og jonsokafta fram til midnatt.
No er endeleg alle hjørner rette og diagonal måla er etter teikninga.
På fredag er det klart for å ferdigstille svillen og kanskje pakke ut eit element eller 7. Det er meldt godt ver i helga, måtte de vare gjennom veka også.
Etter ei veke med brannvakt er det godt å vere i gong igjen.
Publisert av Leo

2 kommentarer:

  1. Så surt med den lille feilen da, men godt å få ordnet det og være igang, ferien blir brukt på å bgge iår?

    SvarSlett
  2. I år blir det mest bygging ja =0) men det blir vel småturar hit og dit. Blir spanande å sjå om vi får røyst hytta neste veke ....

    SvarSlett