søndag 8. januar 2012

Godt nyttår

Då er 2012 godt igang og arbeidet på hytta held fram. Sida sist har det skjedd litt av kvart.
- Veggane på badet er nesten ferdig flislagt.
- Rørleggaren har vore på besøk ein gong og skal komme ein gong til før alt er klart.
- Septiktanken er komt i jorda
- Ovnen til hyttekosen er kjøpt inn, men ikkje montert
- Trappa er montert men ikkje behandla
- Karmen til døra til badet er på plass.
- Benkeplata har vi rensa med trerens og byrja på den laaaaange prosessen for å få den slik vi vil ha den (den skal både lutast, oljast og kanskje til og med lakkast før den skal på plass).
Utandørs har vi fått ordna siste platået framfor hytta.
Stormen Dagmar tok godt i Bremanger, men ingenting på hytta vår var øydelagd. Den besto med andre ord testen. Det var berre nokre plankar utforbi som hadde flytta litt på seg.
Downlights på plass både her og der.
Dørkarmen inn til badet på plass.
Litt flising att over døra og så er det klart til fuging.

2 kommentarer:

  1. Så fint det blir! Gledar meg til å sjå korleis de får det=0)

    SvarSlett
  2. Ser veldig fint ut - dåkke (og hjelparane) er flinke! :-)

    SvarSlett