onsdag 25. august 2010

Bloggen er ikkje død. Men tida er mykje kortare no når skuleferien er over og dagane er organisert til siste minutt. Jaudå vi har hatt fleire økter med hyttebygging. For den observante lesar har vi fått på shingel på halve arka og på halve taket mot vatnet. Vi er godt i gong med siste delen og. Eit par kveldar til så er all shingel på plass.

Takrenner er på plass og renn rette vegen. Klossar for kasse i møne er på plass og det er ikkje så lenge til raftekassa er klar.

Det er mange detaljar som skal på plass på utsida, både lister, pynteklossar, hjørnebord og mykje meir, men trass alt hytta er tett.

Vi har eit svart tak, det ser ikkje ut som måsen bryr seg om det. Når måsen gjer sitt fornødne på taket vårt viser det særs godt. Er ganske spent på korleis dette skal gå....
Publisert av Leo


3 kommentarer:

  1. vestlandsveir av vanleg sort ordner vel den måkeskitsaken ;)

    SvarSlett
  2. Søndag var vi på tur på Bongselandet, og då måtte eg sjølvsagt bortom hytta dåkka. Ei flott hytte vert det! Den ligg flott til, og det vert eit supert "landsted". Lykke til med det som står att! :-) NB: Neste gong dåkke skal ut tippar eg det vil lukte banan... Det låg noken godt solsteikte bananer innanfor eine vinduet :-)

    SvarSlett
  3. Hehe, ja eg trur det er bananlukt i hytta ja =0)
    No har det vore brannvakt/teknisk vakt og møter i søkk og kav, men i dag skal karane ut ein tur, så då blir det vel nokre timar med jobbing tenkjer eg =0)
    Gleder meg til den er ferdig..........til våren eingong.

    Anita HC

    SvarSlett