St,hans - helga feira vi sjølvsagt på hytta. Det var opplett og fint, så vi fekk jobba litt både inne og ute denne helga. Inne har Leo fått opp dørene til 3 av soverommene og montert dusjen på badet. Ute har mor mi prøvd seg på å slå graset og rydda litt i "skogen" min. Gutane har flytta ved opp i tilhengeren.
Laurdag plasserte vi bilen på ferjekaia på Oldeide og tok ferja over til Måløy. Her var det Måløy-dagar, så vi handla litt, såg på folkelivet, snurra i karusellar og kosa oss. Laurdags kveld var det St.hans feiring så vi reiste først ut på Grotlesanden for å sjå på bålet der. Det var ikkje påtent enda men vi fekk oss ein fin time på sanden før vi reiste inn i enden av Dalevatnet og såg på bålet der istaden. Då ungane var i seng sat Alice og ei venninne barnevakt medan vi litt eldre tok turen bort til hyttenaboane. Koseleg kveld!
Beklager at bildene står litt rotete, men det er et HERK å legge ut bilder for tida. Eg trur eg gjere det på ein tungvindt måte eller så skjønner eg ikkje korleis det nye konseptet på denne nettstaden fungerer!
Ser utruleg koseleg ut på hytta. Ser at slåttehjelpa gjer ein god jobb:)
SvarSlettIRene