mandag 19. juli 2010

Sutak ferdig :)

Då var sutaket på, endeleg. Sjølv om ikkje platene er vassfaste er dei ei god hjelp for å halde vær og vind ute.
Arthur og eg var ute laurdag for å gjere klar resten av vindtettinga. Arbeidet gjekk greit og vi hadde sommarver heile dagen. Vi kler oransje regnklede begge to. Arthur er ein stor ressurs med sin erfaring arbeidslyst.
Lektene var spikra på slik at alt var klart til å legge sutak søndag. Vi hadde eit håp om å greie heile taket på ein dag. I løpet av laurdagen tikka det inn ein SMS om at engelen frå Hyen(Per Arne) kunne vere med søndag. Å vere tre er ein stor fordel når ein skal montere tak og sage/passe til nede på bakkenivå.
Den store takflata mot vegen gjekk raskt og effektivt. Når ein nyttar plater går det fort framover. På sida mot vatnet var det meir plukk og tilpassing så der måtte det både prøving og feiling til, men resutlatet vart slett ikkje verst.
Regnet ga seg rett før vi byrja med platene og kom ikkje igjen før vi demonterte stillaset etter ferdig tak.
I morgon vert det rydding og sortering av treverk. Det trengst ryddast både ute og inne.
Publisert av Leo



fredag 16. juli 2010

Sakte men sikkert

Det vart sjølvsagt ei økt i dag og. Viser ikkje like mykje etter oss i dag men vindtetting på halve taket er på plass. Vi har også festa bandjern på alle sperr for ekstra sikring.
Stillas er ordna og vi kan ta til med resten av taket på ein sikker måte.
Reknar med å byrje med å legge sutak i morgon. Det trudde vel vi i går og men vi prøver igjen.
Røyrleggaren er i arbeid med å presentere prisar og løysingar på septikk tank. Eit av spørsmåla er 2 kubikk eller 4 kubikk septiktank... i renovasjonsordninga for fritidsbustad ligg det inne tømming av tank kvar 208 veke, dvs kvart 4 år.
Vi har forberedt lufitng av septiktank over tak for å ikkje få sjenerande lukt.
Taket på boda/tilbygg kjem opp etter at det andre taket er klart.
Ny oppdatering i morgon.
Publisert av Leo




torsdag 15. juli 2010

Sperr på plass

Arthur er tilbake med fullada batteri etter ei veke med ferie. Per Arne vart spurt om å vere med ein dag og har vore med fire dagar. Det har vore til veldig god hjelp.
Onsdag og torsdag har gått med til å legge opp sperr. Rimeleg kurrant tenkjer du. Jau det er ein grei jobb på størstedelen av taket, men vi har noko som heiter ark, kilsperre og andre slike artige ord. Teikningane har vore gode så langt men når det gjaldt monteringa av kilsperrer så var det ikkje rett fram. Det er ei mengde vinklar og retningar som skal gå i hop for å passe i lag med resten av taket. No løyste det seg til slutt men den satt langt inne. Merkinga av delar/element har så langt vore god, men kilsperrene kunne godt ha vore merka med til dømes " A skal festast til B...."
Hytta tek form og det er faktisk ikkje så lenge før vatnet renn på utsida av hytta i staden for inni.
"Det dagelege brødet" og kaffi har vore servert i 1 etg i hytta i dag, i den tørre delen sjølvsagt. Sikkert ikkje lurt å skrive det på ein blogg men i dag har vi låst hytta for første gong....og nøkkelen ligg ikkje under matta :)
Håpar å kunne vise bilete av hytta med sutak i morgon.
Publisert av Leo

tirsdag 13. juli 2010

Framover

Per Arne og eg rakk ei ettermiddag/kveldsøkt for å fullføre planen for i går. Dei siste elementa i 2 etasje er på plass. Det manglar kleding i skøytane mellom elementa men det kjem på plass i morgon.
I morgon må panel på plass, meir spikring for å stive av veggar. Det må også ryddast rundt hytta, etter travle dagar med stor framdrift ser det ikkje ut.
Det er eit håp om å få byrja på sperrer i morgon. Med dei nedbørsmengder som er meldt torsdag kunne det vere greit å ha noko å henge preseningen på.
Kanskje det vert kranselag i løpet av helga, uansett de som følgjer oss her vil verte behørig oppdatert.
Publisert av Leo

mandag 12. juli 2010

stor framgang

I dag har det verkeleg vore endringar på tomta vår. Nesten heile 2. etg er på plass, med god hjelp frå ein kranebil i 3 timar, i tillegg til 3 ekstra mann.
Dagen byrja tidleg i dag då vi tok første ferja kl 0645. Meterologane fekk rett, mykje regn og sterk vind. Faktisk liten storm ved Stadt. Ikkje optimale forhold for hyttebygging. Oppstart vart utsett til kl 10.00. Regnet gjekk frå foss til dråpar og vinden spakna og gjorde berre nokre få forsøk på å velte elementa ned frå 2 etg.
Store element gir raske resultat og det er tilfredstillande at går an å sjå at ein har gjort noko. Dagane i mellom der ein spikrar dagen lang for å få inn dei beskrivne mengder spikar i rett størrelse gir ikkje slike resultat.
Per Arne og Tore var særs viktige for dagens framdrift. Kranførar Arild hadde med seg 12 meter med krane og letta jobben med 2 etasje betydeleg.
Per Arne stiller i morgon også medan Tore reiser til Danmark for Legoland og raude pølser. Vi ynskjer god tur.
Dagen i morgon går med til å gjere ferdig siste veggen, rette opp og spikre endå meir. Limtrebjelke nr 3 skal på plass også. Vi håpar at det er meldt feil vær, men reknar med at det vert som tidlegare denne sommaren, stabilt utstabilt.




lørdag 10. juli 2010

byggefri og Vetenløp

I dag tok vi oss ein fridag frå alt som heiter hyttebygging. I staden meldte vi oss på Vetenløpet. Vetenløpet startar på Grotlesanden og går heilt til topps på Veten 527 m.o.h. Det var både mosjonsklasse og konkurranseklasse. Vi deltok sjølvsagt i mosjonsklassen. Eg og gutane var oppe i fjor også, men då låg tåka så tett at vi såg omtrent ingenting på toppen. Då vi vakna i dag tidleg hølja det ned ute, men i følgje yr.no og storm.no skulle det vere sol og lett bris på Veten, så vi tok sjansen og reiste. Det starta noko tåkete, men det letta når vi var komne opp på toppen. Vi fekk med andre ord endeleg sjå korleis det såg ut frå toppen av Veten. Fjellet er forresten absolutt verdt eit besøk.
På veg heim tok vi oss ein tur innom hyttetomta berre for å sjekke at alt stod bra til. Det var blikkstille på vatnet og riktig varmt i solveggen. Eg gledar meg til neste sommar når alt står ferdig til bruk!

Publisert av Anita

torsdag 8. juli 2010

Male male male

Ja, då er det berre å halde fram med å male. I dag mala vi første strøket heile 2. etg som låg strødd både innandørs og utandørs. Vi skulle eigentleg male andre strøket på 1. etg. også, men det vart det ikkje tid til. I morgon blir det ein tur ut att og male andre strøket på 2. etg. Utrulig greit å få gjort dette no i staden for å stå og dingle i ein stige seinare. Det blir vel litt flikking her og der når 2 etg. er komt på plass i riktig høgde, men storparten av arbeidet gjere vi no. Det var litt vind ved Dalevatnet i dag, så maletørken skulle vere meget bra.

Publisert av Anita