fredag 16. juli 2010

Sakte men sikkert

Det vart sjølvsagt ei økt i dag og. Viser ikkje like mykje etter oss i dag men vindtetting på halve taket er på plass. Vi har også festa bandjern på alle sperr for ekstra sikring.
Stillas er ordna og vi kan ta til med resten av taket på ein sikker måte.
Reknar med å byrje med å legge sutak i morgon. Det trudde vel vi i går og men vi prøver igjen.
Røyrleggaren er i arbeid med å presentere prisar og løysingar på septikk tank. Eit av spørsmåla er 2 kubikk eller 4 kubikk septiktank... i renovasjonsordninga for fritidsbustad ligg det inne tømming av tank kvar 208 veke, dvs kvart 4 år.
Vi har forberedt lufitng av septiktank over tak for å ikkje få sjenerande lukt.
Taket på boda/tilbygg kjem opp etter at det andre taket er klart.
Ny oppdatering i morgon.
Publisert av Leo




2 kommentarer:

  1. Så stor forandring det har blitt no! :) må vere herleg å få tak på hytta! Blir heilt anleis då. Eg høyrer pappa og evt Olav skal ut i kommande veke?
    Håpar alle har det bra- og at værgudane er med dykk frå kanskje torsdag?
    Fine bilder frå Veten, forresten. For eit vakkert område!

    SvarSlett