mandag 19. juli 2010

Sutak ferdig :)

Då var sutaket på, endeleg. Sjølv om ikkje platene er vassfaste er dei ei god hjelp for å halde vær og vind ute.
Arthur og eg var ute laurdag for å gjere klar resten av vindtettinga. Arbeidet gjekk greit og vi hadde sommarver heile dagen. Vi kler oransje regnklede begge to. Arthur er ein stor ressurs med sin erfaring arbeidslyst.
Lektene var spikra på slik at alt var klart til å legge sutak søndag. Vi hadde eit håp om å greie heile taket på ein dag. I løpet av laurdagen tikka det inn ein SMS om at engelen frå Hyen(Per Arne) kunne vere med søndag. Å vere tre er ein stor fordel når ein skal montere tak og sage/passe til nede på bakkenivå.
Den store takflata mot vegen gjekk raskt og effektivt. Når ein nyttar plater går det fort framover. På sida mot vatnet var det meir plukk og tilpassing så der måtte det både prøving og feiling til, men resutlatet vart slett ikkje verst.
Regnet ga seg rett før vi byrja med platene og kom ikkje igjen før vi demonterte stillaset etter ferdig tak.
I morgon vert det rydding og sortering av treverk. Det trengst ryddast både ute og inne.
Publisert av Leo



2 kommentarer:

  1. eg stoppa på lørdag på veg til Berle, men arbeidskarane var ikkje på plass. Men eg skal no fleire turar til øya i løpet av ferien. Hytta er akkurat passe stor Anita :)

    Gratulere med bryllaupsdagen som var på fredag!!

    Klem fra meg

    SvarSlett
  2. Så bra det er blitt!! de er flinke!! :)

    kjekt å sjå korleis framdrifta har vert.

    obs.. tida har visst gått fra meg her, får kome meg ut dørene og møte Alice, her blir det nok stor dose shopping, kafe og kino desse dagane.. :)

    SvarSlett