søndag 12. september 2010

Arbeidet viser litt igjen...




Som de ser på biletet er det no shingel på alle plassar der det skal vere shingel. Dagen i dag var forventa å bli ein våt opplevelse men neidå, solglimt, vindstille og berre ei regnbye. Regnbya vart endå til plassert i vår matpause. Hytta tek form med tak ferdig og kassar under raft på plass. I bilete manglar no eit pipe, det vil vere bokstaveleg tala kruna på verket. Kven veit kva vi får til denne veka. De får vente på neste biletet.
Arthur og eg har også hatt ein større standardheving på området rudnt hytta. Området bar preg av at det ikkje har vore rydda sidan vi hadde besøk for mange veker sidan.
Avfallet er sjølvsagt sortert og skal sjølvsagt leverast til ein mottakar med naudsynte sertifisering og ingen anmerkningar frå Fylkesmannen.
Området er sikra for stormen som kjem i morgon, stormen er vel eit haustteikn. Når vi er inne på hausteikn så opplevde vi i dag skot frå 3 himmelretningar, vest, nord og sør. Skal vi vurdere ut frå smila til jegarane som går og køyrer forbi er det gode dagar med forventa fangst.

Publisert av Leo

lørdag 11. september 2010

Smått framover, men framover :)







Det er meldt nedbør i bøtter og spann så det er vel på tide å arbeide litt på hytta igjen. I dag har det vore ein god dag. Taket er over inngongsdøra er ferdig til sutak, krokar for takrenne er på plass og kasse under rafta på ei side er ferdig.

I morgon er planen å legge sutak om veret er greit. Skulle det bli nedbør så er det plenty andre oppgåver å ta til med i nær framtid. Kva med listing rundt vindauge, bandjern i veggar, vindskeier, mure pipe, lagre golv inne, montere hjørnebord, meisle opp avlaupsrøyr for toalett(jada, feil mål...), legge møneplater, støype fundament for støtter vindfang og mykje meir. Vel vel, vi har bedt om det sjølv.
Området krev og ein real opprydding, samt at utsette delar må sikrast før stormen som er varsla måndag ettermiddag ramlar inn over kysten.
Til besøkande så kan eg opplyse om at bananene er fjerna.
Ein dag inn i hjortejakta var krutet framleis tørt og det small i alle granfelt rundt Dalevatnet.
Det small ganske nær nokre gonger men vi har ikkje funne teikn på at det har vore løyst skot i vår retning.
Publisert av Leo

onsdag 8. september 2010

Flott ver med lite jobbing

Jaja, sola skin og det er varmare her enn då det var sommar. Leo hatt vakt ei heil veke no og dermed har vi vore låst til Svelgen, og dei dagane vi kunne ha reist ut har det sjølvsagt vore eit viktige møte eller to vi skulle ha vore på. I tillegg har vi dei tre siste helgane hatt fullt opp med andre ting. Men i dag skal karane ut ein tur, så då blir det litt arbeid nokre timar iallfall. Det går noko seinare når ein tar ferja ut 16.45 og ikkje er på plass der ute før ho er nærmare 18, då er det ikkje mange timane att med sol, før myggen kjem og et deg opp. Til helga har vi få planar, så då blir det hytte hytte. Hytta er tett og vi manglar berre Shingel på delen der inngang og bod er, så det nærmar seg. Det står jo endå ein del att utandørs, både i høve til listing kring vindauge og anna, medan eg er veldig klar for å starte innandørs snart. Eg har jo allereie innreia alle rom to gonger i hovudet, så eg er klar for ein ny epoke på hyttefronten. Leo kan sjølvsagt ikkje forstå korleis ein i det heile tatt kan tenke interiør når ein no heller skal tenke på isolasjon, bygging av pipe og eigentleg heilt andre ting, men det er vel ei sånn "damegreie" vil eg tru. Eg hadde jo eit håp om at hytta skulle bli ferdig til jul, men ser no at det kan bli både vinter og vår før alt er klart. Det betyr eigentleg ikkje så mykje, så lenge den er klar til neste sommar.

Publisert av Anita HC

onsdag 25. august 2010

Bloggen er ikkje død. Men tida er mykje kortare no når skuleferien er over og dagane er organisert til siste minutt. Jaudå vi har hatt fleire økter med hyttebygging. For den observante lesar har vi fått på shingel på halve arka og på halve taket mot vatnet. Vi er godt i gong med siste delen og. Eit par kveldar til så er all shingel på plass.

Takrenner er på plass og renn rette vegen. Klossar for kasse i møne er på plass og det er ikkje så lenge til raftekassa er klar.

Det er mange detaljar som skal på plass på utsida, både lister, pynteklossar, hjørnebord og mykje meir, men trass alt hytta er tett.

Vi har eit svart tak, det ser ikkje ut som måsen bryr seg om det. Når måsen gjer sitt fornødne på taket vårt viser det særs godt. Er ganske spent på korleis dette skal gå....
Publisert av Leo


fredag 13. august 2010

Ei lita oppdatering

No har det vore stille nokre veker på bloggen og det har si naturlege forklaring. Vi har rett og slett ikkje vore der. Når arbeidslivet starta for fullt, med brannvakt og teknisk vakt i tillegg, så var det ikkje rom for hyttebygging rett og slett. No er vi riktignok i gang igjen. Leo og pappa var ute i går og starta opp att arbeidet med takrenner og diverse på veggen mot vatnet. I dag var det planleggingsdag i barnehagen, så då måtte Leo vere heime uansett. Då bar det rett til Svarstad med første ferja kl. 6.45. I dag var det shingel som skulle leggast, så vi får sjå om det dukkar opp eit bilete frå prosessen om ikkje så lenge. I morgon og søndag blir det stillstans igjen grunna ein bursdag i Bergen, men så er det vel berre å hive seg rundt att og få tett denne hytta før hausttormane sett inn!

ps!
Vi blir kjempeglade for kommentarar, men skriv gjerne heile namnet ditt inn under innlegget, så slepp vi å gruble oss ihjel på kven som har skrive det ;)

onsdag 28. juli 2010

Sommar heilt på tampen

Den korte ferien til Lillehammar og Hunderfossen gjorde godt og vart ein suksess. Med gode værmeldingar i sikte reiste vi heim igjen allereie fredag for å få på tak på hytta. Vi reiste via Sognefjellet til Sogndal der vi stoppa for middag og tok med oss Farmora til sommar i ytre Bremanger. Sol, bading og Grotlesand var god kombinasjon.
På hytta var det høg aktivitet med å legge sutak på tilbygg, montere takrenner og beslag. Måndagen vart nytta til å legge Shingel på halve taket.
Det vart også mala og rydda i stor stil. Slike forhold må nyt(t)ast så godt som mogeleg.
Som de ser går det framover og hytta tek form. Pipa skal snart opp og lister på vindauge og dørar skal på.
Publisert av Leo


tirsdag 20. juli 2010

Forandringar

Dagen i går vart nytta til å rydde inne. Det var behov for det. Ting tørkar opp og det er straks mykje trivelegare å vere inne. Ser at vi har ein liten lekkasje ein plass i arka, trur eg veit kvar den kjem inn.
Pappa og Liv Berit kom på besøk i går via Svelgen. Dei hadde med seg Anita og ungane utover. Pappa var god hjelp når sperr på tilbygget skulle på. Denne jobben kom så langt at vi fekk på ein presenning som held vatnet ute, det er meldt store mengder nedbør neste døgn. Vi tek no ein kort ferie og reiser aust om vasskillet for å få litt farge på den kvite huda. Vi har fått litt farge i ansiktet men det må vere rust. Ute er det ikkje rydda endå men det kjem. Måndag er det jobb igjen og kort oppsumert for ferien er vi ikkje heilt i mål slik som planen var men ganske nær.
Biletet i dag viser ein trekantkile over døra som ikkje var der før, og under presenningen er alle sperra på plass.
Det andre biletet er ganske typisk for desse 4 vekene, ein hyttelogo med regn på :)
Framdrifta vidare er å legge shingel, legge sutak på "bislag"(tilbygget) , meir bandjern for å sikre mot vind samt bolte/skru saman element i andre etasje. Vi føler eit behov for å sikre ekstra, no er det mogeleg og billig.
Publisert av Leo