onsdag 28. juli 2010

Sommar heilt på tampen

Den korte ferien til Lillehammar og Hunderfossen gjorde godt og vart ein suksess. Med gode værmeldingar i sikte reiste vi heim igjen allereie fredag for å få på tak på hytta. Vi reiste via Sognefjellet til Sogndal der vi stoppa for middag og tok med oss Farmora til sommar i ytre Bremanger. Sol, bading og Grotlesand var god kombinasjon.
På hytta var det høg aktivitet med å legge sutak på tilbygg, montere takrenner og beslag. Måndagen vart nytta til å legge Shingel på halve taket.
Det vart også mala og rydda i stor stil. Slike forhold må nyt(t)ast så godt som mogeleg.
Som de ser går det framover og hytta tek form. Pipa skal snart opp og lister på vindauge og dørar skal på.
Publisert av Leo


2 kommentarer:

  1. Kjørte forbi på tirsdag og dette ser veldig bra ut

    SvarSlett
  2. har sett bilen har stått der nokre dagar eg har flydd forbi. Så kjekt at de byggjer hytte så nærme ;) E jo berre nødd å besøke deg då.... ;)
    Haha fåkje til å legge til kommentar ein gong, "VELG PROFIL".. So då bli eg anonym! Hytta ser veldig lovande ut so dei seie på fint! Spennande prosjekt ;) T

    SvarSlett