mandag 5. juli 2010

Jobbe jobbe jobbe

Då er vi komne til juli og sommerveret er absolutt tilstades med stiv kuling, 12 grader og regn. GLIMRANDE!!! Det passer dårlig for hyttebygging og for ferie i det heile. Kor blir sommaren av?

Vi har fått lånt oss ei campingvogn av tanta og onkelen min eit par veker. Den er god å ha. Vi kan no overnatte om vi vil (for ferja er DYR, sjølv med ferjekort), vi har høve til å lage mat og ikkje minst halde maten kald i tillegg til å kunne ha noko å søke ly i.
Sjølv om meldingane ikkje har vore til å stole på, så har det heldigvis vore nokre fine dagar siste veke, samt i helga, så då fekk vi gjort ein del. Pappa og Leo har stått på og jobba med 1. etg. heile veka. På fredag kom Olav og Sønnøve for å hjelpe til, heilt til uveret slo inn ut på ettermiddagen. Då var det ikkje anna å gjere enn å pakke saman og reise ut til rorbua som Olav hadde leigd for anledninga. Laurdag og søndag var både eg, mamma, pappa, Alice, Olav, Sønnøve og leo i arbeid, så det vart jobbing på fleire felt. Pappa, Olav og Leo har stort sett jobba med å få på plass bjelkelaget medan vi andre har grunna og fått på første strøket med maling på ytterveggane i 1. etg. Grunning og maling gjekk relativt greitt men det tok UTRULIG lang tid med det bjelkelaget. Alt må stemme på millimeteren i tillegg til at alt er spikra for hand. Det er ikkje små spikrar vi snakkar om heller, så det spørs om ikkje det blir gangsperre (for einskilde av oss iallfall) i musklar ein ikkje visste at ein hadde eingong....

Vi hadde håpa på å få byrje på veggane i 2. etg. på søndagen, men slo det frå oss grunna vermeldinga. Det var meldt liten storm til natta, i tillegg til store nedbørsmengder. Då var det litt risikabelt å byrje på veggane i 2. høgda. I tillegg skal det skråtak og ark på bygget, noko som ikkje er gjort i ei handvending. I dag er Leo og pappa ute og sjekkar at alt er på plass etter natta. I morgon skal resten sikrast godt og elementa for 2. etg. skal berast inn under tak i 1. etg. Pappa reiser på ferie onsdag og blir vekke ei veke. Utan hjelp blir det vanskeleg å byrje på 2. etg. så då ventar vi ei veke med dette arbeidet. I mellomtida får vi grunne og male 2 strøk på elementa som skal i 2. høgda, så dette er heilt klart.
Nedanfor ser de bilete av prosessen dei siste dagane:
Gutane bygger demning og kosar seg på tomta.
Publisert av Anita

2 kommentarer:

  1. Hei!
    Så fint de får det! Om det er noko trøyst så er det dårleg ver i Stavanger og. Men her er det jo eindel butikkar..Fortsatt god sommar! Mvh Janne

    SvarSlett
  2. Ja, eg trur dette skal bli bra.
    (Vi har no MX sport då ;0) kan jo tråle den for det meste om det skulle bli for ille ver, hehe).

    SvarSlett