onsdag 25. august 2010

Bloggen er ikkje død. Men tida er mykje kortare no når skuleferien er over og dagane er organisert til siste minutt. Jaudå vi har hatt fleire økter med hyttebygging. For den observante lesar har vi fått på shingel på halve arka og på halve taket mot vatnet. Vi er godt i gong med siste delen og. Eit par kveldar til så er all shingel på plass.

Takrenner er på plass og renn rette vegen. Klossar for kasse i møne er på plass og det er ikkje så lenge til raftekassa er klar.

Det er mange detaljar som skal på plass på utsida, både lister, pynteklossar, hjørnebord og mykje meir, men trass alt hytta er tett.

Vi har eit svart tak, det ser ikkje ut som måsen bryr seg om det. Når måsen gjer sitt fornødne på taket vårt viser det særs godt. Er ganske spent på korleis dette skal gå....
Publisert av Leo


fredag 13. august 2010

Ei lita oppdatering

No har det vore stille nokre veker på bloggen og det har si naturlege forklaring. Vi har rett og slett ikkje vore der. Når arbeidslivet starta for fullt, med brannvakt og teknisk vakt i tillegg, så var det ikkje rom for hyttebygging rett og slett. No er vi riktignok i gang igjen. Leo og pappa var ute i går og starta opp att arbeidet med takrenner og diverse på veggen mot vatnet. I dag var det planleggingsdag i barnehagen, så då måtte Leo vere heime uansett. Då bar det rett til Svarstad med første ferja kl. 6.45. I dag var det shingel som skulle leggast, så vi får sjå om det dukkar opp eit bilete frå prosessen om ikkje så lenge. I morgon og søndag blir det stillstans igjen grunna ein bursdag i Bergen, men så er det vel berre å hive seg rundt att og få tett denne hytta før hausttormane sett inn!

ps!
Vi blir kjempeglade for kommentarar, men skriv gjerne heile namnet ditt inn under innlegget, så slepp vi å gruble oss ihjel på kven som har skrive det ;)

onsdag 28. juli 2010

Sommar heilt på tampen

Den korte ferien til Lillehammar og Hunderfossen gjorde godt og vart ein suksess. Med gode værmeldingar i sikte reiste vi heim igjen allereie fredag for å få på tak på hytta. Vi reiste via Sognefjellet til Sogndal der vi stoppa for middag og tok med oss Farmora til sommar i ytre Bremanger. Sol, bading og Grotlesand var god kombinasjon.
På hytta var det høg aktivitet med å legge sutak på tilbygg, montere takrenner og beslag. Måndagen vart nytta til å legge Shingel på halve taket.
Det vart også mala og rydda i stor stil. Slike forhold må nyt(t)ast så godt som mogeleg.
Som de ser går det framover og hytta tek form. Pipa skal snart opp og lister på vindauge og dørar skal på.
Publisert av Leo


tirsdag 20. juli 2010

Forandringar

Dagen i går vart nytta til å rydde inne. Det var behov for det. Ting tørkar opp og det er straks mykje trivelegare å vere inne. Ser at vi har ein liten lekkasje ein plass i arka, trur eg veit kvar den kjem inn.
Pappa og Liv Berit kom på besøk i går via Svelgen. Dei hadde med seg Anita og ungane utover. Pappa var god hjelp når sperr på tilbygget skulle på. Denne jobben kom så langt at vi fekk på ein presenning som held vatnet ute, det er meldt store mengder nedbør neste døgn. Vi tek no ein kort ferie og reiser aust om vasskillet for å få litt farge på den kvite huda. Vi har fått litt farge i ansiktet men det må vere rust. Ute er det ikkje rydda endå men det kjem. Måndag er det jobb igjen og kort oppsumert for ferien er vi ikkje heilt i mål slik som planen var men ganske nær.
Biletet i dag viser ein trekantkile over døra som ikkje var der før, og under presenningen er alle sperra på plass.
Det andre biletet er ganske typisk for desse 4 vekene, ein hyttelogo med regn på :)
Framdrifta vidare er å legge shingel, legge sutak på "bislag"(tilbygget) , meir bandjern for å sikre mot vind samt bolte/skru saman element i andre etasje. Vi føler eit behov for å sikre ekstra, no er det mogeleg og billig.
Publisert av Leo

mandag 19. juli 2010

Sutak ferdig :)

Då var sutaket på, endeleg. Sjølv om ikkje platene er vassfaste er dei ei god hjelp for å halde vær og vind ute.
Arthur og eg var ute laurdag for å gjere klar resten av vindtettinga. Arbeidet gjekk greit og vi hadde sommarver heile dagen. Vi kler oransje regnklede begge to. Arthur er ein stor ressurs med sin erfaring arbeidslyst.
Lektene var spikra på slik at alt var klart til å legge sutak søndag. Vi hadde eit håp om å greie heile taket på ein dag. I løpet av laurdagen tikka det inn ein SMS om at engelen frå Hyen(Per Arne) kunne vere med søndag. Å vere tre er ein stor fordel når ein skal montere tak og sage/passe til nede på bakkenivå.
Den store takflata mot vegen gjekk raskt og effektivt. Når ein nyttar plater går det fort framover. På sida mot vatnet var det meir plukk og tilpassing så der måtte det både prøving og feiling til, men resutlatet vart slett ikkje verst.
Regnet ga seg rett før vi byrja med platene og kom ikkje igjen før vi demonterte stillaset etter ferdig tak.
I morgon vert det rydding og sortering av treverk. Det trengst ryddast både ute og inne.
Publisert av Leo



fredag 16. juli 2010

Sakte men sikkert

Det vart sjølvsagt ei økt i dag og. Viser ikkje like mykje etter oss i dag men vindtetting på halve taket er på plass. Vi har også festa bandjern på alle sperr for ekstra sikring.
Stillas er ordna og vi kan ta til med resten av taket på ein sikker måte.
Reknar med å byrje med å legge sutak i morgon. Det trudde vel vi i går og men vi prøver igjen.
Røyrleggaren er i arbeid med å presentere prisar og løysingar på septikk tank. Eit av spørsmåla er 2 kubikk eller 4 kubikk septiktank... i renovasjonsordninga for fritidsbustad ligg det inne tømming av tank kvar 208 veke, dvs kvart 4 år.
Vi har forberedt lufitng av septiktank over tak for å ikkje få sjenerande lukt.
Taket på boda/tilbygg kjem opp etter at det andre taket er klart.
Ny oppdatering i morgon.
Publisert av Leo




torsdag 15. juli 2010

Sperr på plass

Arthur er tilbake med fullada batteri etter ei veke med ferie. Per Arne vart spurt om å vere med ein dag og har vore med fire dagar. Det har vore til veldig god hjelp.
Onsdag og torsdag har gått med til å legge opp sperr. Rimeleg kurrant tenkjer du. Jau det er ein grei jobb på størstedelen av taket, men vi har noko som heiter ark, kilsperre og andre slike artige ord. Teikningane har vore gode så langt men når det gjaldt monteringa av kilsperrer så var det ikkje rett fram. Det er ei mengde vinklar og retningar som skal gå i hop for å passe i lag med resten av taket. No løyste det seg til slutt men den satt langt inne. Merkinga av delar/element har så langt vore god, men kilsperrene kunne godt ha vore merka med til dømes " A skal festast til B...."
Hytta tek form og det er faktisk ikkje så lenge før vatnet renn på utsida av hytta i staden for inni.
"Det dagelege brødet" og kaffi har vore servert i 1 etg i hytta i dag, i den tørre delen sjølvsagt. Sikkert ikkje lurt å skrive det på ein blogg men i dag har vi låst hytta for første gong....og nøkkelen ligg ikkje under matta :)
Håpar å kunne vise bilete av hytta med sutak i morgon.
Publisert av Leo