mandag 12. juli 2010

stor framgang

I dag har det verkeleg vore endringar på tomta vår. Nesten heile 2. etg er på plass, med god hjelp frå ein kranebil i 3 timar, i tillegg til 3 ekstra mann.
Dagen byrja tidleg i dag då vi tok første ferja kl 0645. Meterologane fekk rett, mykje regn og sterk vind. Faktisk liten storm ved Stadt. Ikkje optimale forhold for hyttebygging. Oppstart vart utsett til kl 10.00. Regnet gjekk frå foss til dråpar og vinden spakna og gjorde berre nokre få forsøk på å velte elementa ned frå 2 etg.
Store element gir raske resultat og det er tilfredstillande at går an å sjå at ein har gjort noko. Dagane i mellom der ein spikrar dagen lang for å få inn dei beskrivne mengder spikar i rett størrelse gir ikkje slike resultat.
Per Arne og Tore var særs viktige for dagens framdrift. Kranførar Arild hadde med seg 12 meter med krane og letta jobben med 2 etasje betydeleg.
Per Arne stiller i morgon også medan Tore reiser til Danmark for Legoland og raude pølser. Vi ynskjer god tur.
Dagen i morgon går med til å gjere ferdig siste veggen, rette opp og spikre endå meir. Limtrebjelke nr 3 skal på plass også. Vi håpar at det er meldt feil vær, men reknar med at det vert som tidlegare denne sommaren, stabilt utstabilt.




3 kommentarer:

  1. Wow- her skjer det fort, plutseleg er hytta ferdig:)Spennande og kjekt å følge med på bloggen.Blir ei flotte hytte, kjem på besøk ;) Ser at HMS er i gode hender (bilde av Olav)Lykke til vidare, tvi tvi

    Klem fra aj

    SvarSlett
  2. Djeezes! Det ekje nåka lita hytte dokke sette opp.... :)

    SvarSlett
  3. ja, det ser jo gediiiigent ut på desse biletA. Har ikkje vore ute og sett sjølv enda. Blir spennande å sjå. Trur ikkje det er så stort som det ser ut som =0)I HOPE ;0)

    Anita hc

    SvarSlett